SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 170 skann 172

170 skolen og skolevegen, grannelaget og heimstaden. Samtidig må undervisninga ta opp fleire og fleire sider ved livet i den verda barnet høyrer til. På mange måtar skaper heimstadlæra grunnlaget for undervisning i naturfag, samfunnsfag og orienteringsfag på dei høgare klassestega i grunnskolen. Ofte vil praktiske aktivitetar t.d. i heimkunnskap vere verdfulle supplement og gjere undervisninga i heimstadlære meir meiningsfylt. Emna og aktivitetane i heimstadlæra er elles ein del av orienteringsfaget i 1.-3. klasse. Det som barnet til kvar tid er sterkt oppteke av i miljøet sitt, bør fa brei plass i heimstadlæreundervisninga. Det same gjeld stoff og aktivitetar som er avgjerande for den vidare utviklinga til barnet og for korleis det orienterer seg i og opplever miljøet. Ein må leggje stor vekt på voksteren og helsa til barnet. Val av emne Stoffet bør veljast og ordnast slik at det i lange periodar, eventuelt heile skoleåret, blir bunde saman om eit sentralt motiv. Særleg på 1. klassesteget ligg det nær å la barnet i familien vere gjennomgangstema. Dei einskilde emna kan da vere ein del av livet og opplevingane til familien. Dersom ein vil knyte stoffet til ein tenkt familie, bør ein dra inn fleire typar av familiar, også familiar der far eller mor eller begge foreldra manglar. Ein kan t.d. følgje mora i ein familie i arbeidet i og utanfor heimen; ein kan følgje faren til arbeidsplassen og til dei gjeremål han har heime og ute; ei bestemor i familien kan ha ein hage og eit hus, kanskje ein katt og ein hund, som det er mykje å fortelje om; eit barn i familien kan bli sjukt og komme på sjukehus, slik at klassen far oppleve kva det vil seie; ein onkel kjem på besøk langvegsfrå og har mykje spennande å fortelje osv. I skolar i byar og tettgrender kan ei gate eller eit torg binde mykje av stoffet saman gjennom ein lengre periode. I bygdeskolar kan ein bondegård fa ein tilsvarande funksjon. Som regel bør stoffet knytast til personar som elevane sjølv far vere med og skape i sin fantasi. Det kan vere postmannen, bussjåføren, legen, tømmerhoggaren eller andre. Undervisninga i heimstadlære vil variere frå stad til stad. Faget må ha eit anna innhald i by enn i bygd og eit anna i innland enn i kyststrøk. Også i same kommunen kan det vere skilnad frå skole til skole med omsyn til kva for emne det er naturleg å arbeide med. Vidare må stoffet variere med evner, behov og interesser hos elevane, slik at det same utvalet heller ikkje vil passe i alle klassar ved ein og same skolen. Dei framlegg til arbeidsplanar som ein finn nedanfor, må derfor oppfattast nettopp som framlegg. Det er meininga at dei skal gje idear og haldepunkt og setje opp ei ramme som ein bør halde seg innanfor. Det blir såleis høve for den einskilde læraren - i samråd med elevane - til å velje stoff og undervisningsmåte i heimstadlæra. Utvalet må byggje på best mogeleg kjennskap både til elevane i vedkommande klasse og til det lokale samfunnet. Sidan elevane er i stadig utvikling, og klassane skifter, er det særleg grunn til å understreke at læraren må leggje stor vekt på å lære elevane å kjenne. Ikkje minst må han leggje merke til kva dei er opptekne av, og korleis dei tenkjer og kjenner. På den måten får han hjelp til å finne det stoffet som nettopp desse elevane bør arbeide med. Både valet av emne, rekkefølgja av emna og den vekt ein vil leggje på kvart emne, må rette seg etter dei lokale forholda og etter føresetnadene og interessene til klassen. Mange typar av arbeidsoppgåver og aktivitetsformer vil vere aktuelle i dei aller fleste emne. Ein bør streke under at også det globale perspektivet har sin naturlege plass i undervisninga, alt frå 1. klassesteget. Aktuell og interessant undervisning Det som skjer i det samfunnet som skole og heim er ein del av, får med åra større interesse for barnet, og må fa sin plass i heimstadlæra. Trafikkspørsmål er ofte aktuelle. Ikkje minst når det gjeld dette emnet, er det heilt naudsynt at opplæringa er konkret, ho må knytast til dei gater og vegar der barnet ferdast. Undervisninga i heimstadlære må samsvare best mogeleg med årstidene. For mange emne er dette ein naudsynt føresetnad om dei skal få livsnær og aktuell karakter. Særskilt gjeld det alle emne som har med plantar og dyr å gjere, at det bør arbeidast med dei når årstida gjer dei aktuelle. Men det gjeld også andre forhold og fenomen, både i naturen og i det sosiale miljøet. Alt arbeids- og lærestoff i heimstadlære bør ein ta opp på ei tid da det har så nær tilknyting som mogeleg til det som skjer i elevane si verd. Ein må derfor ikkje berre vere i takt med årstidene, men og vere merksam på at eit bestemt stoff brått kan fa aktualitet på grunn av hendingar som elevane blir opptekne av. Opplegget bør
Skann 172 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 1

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 170». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/172/