SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 169 skann 171

Orienteringsfag Orienteringsfaga omfattar fire sjølvstendige planar for natur- og samfunnsorientert undervisning. Kvar plan utgjer ein naturleg del av det fagområdet som orienteringsfaga til saman representerer i grunnskolen. Heimstadlære har opplegg for 1.-3. klassesteget. Samfunnsfag omfattar disiplinane geografi, historie og samfunnskunnskap. Naturfag omfattar biologi og fysikk/kjemi. Samfunnsfag og naturfag har planar for 4.-9. klassesteget. I planane er det lagt til rette for koordinert undervisning. På barnesteget bør praktiske heimkunnskapsaktivitetar supplere og utfylle stoffet i alle tre fagplanane der det fell naturleg. Orienteringsfaget for 1.-6. klassesteget representerer på mange måtar ei vidareføring av koordineringstanken. Dette er ein integrert plan som inneheld lærestoff med tilknyting til heim, samfunn og natur. Planen er bygd opp med sikte på emneundervisning. Orienteringsfaget gir plass til emne og aktivitetar frå heimkunnskapsplanen for dei tilsvarande rsstega ved sida av dei same emneområde som ein finn i heimstad- lære, naturfag og samfunnsfag på barnesteget. a. Heimstadlære MÅL Undervisninga i heimstadlære skal ta sikte - å vekkje elevane til ansvar, omsorg og respekt for medmenneske, på - å hjelpe elevane til å finne seg til rette i heim, skole og samfunn, - å utvikle evna til å gje uttrykk for opplevingar og tankar i forteljing, skriftleg arbeid, forming, dramatisering, musikk 0.1. — å øve elevane i å bruke sansane til å gjere seg kjende med omverda, LÆRESTOFF Emne frå det nære miljøet Undervisninga i heimstadlære tek sikte på å fremme ei harmonisk utvikling hos barnet, både kroppsleg og åndeleg. Evna til sansing skal skjerpast, førestellingar og omgrep skal byggjast opp, lysta til å granske og spørje skal styrkjast, evna til å uttrykkje seg r ord, lyd, rørsle, form og farge skal stimulerast. Undervisninga skal leggjast opp mest mogeleg etter evner, anlegg og føresetnader hos kvar einskild elev. Stoffet må hentast frå det miljøet barnet lever i og leikar i. Det er barnet si verd undervisninga skal ta for seg. I vår tid blir miljøet til barnet meir enn tidlegare prega av det samfunnet og den ytre verda som omgjev det. Det vil likevel vere naturleg å ta utgangspunkt i leik og gjeremål i heimen,
Skann 171 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 1

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 169». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/171/