SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 171 skann 173

171 vere så fleksibelt at ein da kan nytte ut dette høvet. Ein del av stoffet i heimstadlære kan det vere heldigare å ta opp i fleire ulike samanhengar enn som eigne emne. Dette gjeld bl. a. ymse sider ved forplantinga. Dei bør komme inn der det er naturleg under arbeidet med plantar og dyr. Ein bør leggje vekt på å gjere elevane kjende med dei ord og uttrykk som sidan vil bli brukte i skolen i samband med forplantingsforhold. Natur- og miljøvernspørsmål kan ein på same måten ta opp i mange samanhengar. Også når ein på annan måte vil prøve å påverke åtferd og holdningar hos elevane, t.d. i omgang med medelevar, når det gjeld medkjensle med andre og respekt for andre sine meiningar, bør ein leite etter dei høve som naturleg byr seg. HEIMSTADLÆRE I SPRÅKBLANDINGSDISTRIKT Undervisninga i heimstadlære kan medverke til å skape kontakt og forståing mellom ulike grupper av elevar, med di elevane i dette faget kan fa kjennskap til og respekt for heimemiljøet til kvarandre. Elevane må lære å forstå at sjølv om heimane er ulike, er dei alle ei ramme om familien og slekta. Elevane må få vite kvifor somme av dei må bu i elevheim i skoletida, og elevane med norsk som morsmål må få lære kvifor dei samisktalande elevane ikkje har så god kjennskap til norsk. Læraren bør på ein enkel måte prøve å fa fram at språka er jamverdige. I samband med samiske emne i orienteringsfaga bør dei norsktalande elevane og få lære samiske ord og uttrykk som har tilknyting til samisk kultur og livsform. Læraren må vere merksam på at sed og skikk er ulik i dei ymse kultursamfunn. Læraren må prøve å få elevane til å respektere særpreget og miljøbakgrunnen til kvarandre, sjølv om skikkane kan verke framande for dei. I samband med julefeiringa til dømes bør læraren vere merksam på at ikkje alle feirar jula på same måten. Somme samiske heimar legg ikkje særleg vekt på julekvelden, julegåver og juletre. Dei andre juledagane og det religiøse innhaldet er viktigare. Etter jul må læraren vere varsam med å snakke om julegåver og kva dei ymse elevane har fått. Somme har kanskje ikkje noko å fortelje. I planane for orienteringsfaga har ein teke med ein del emne spesielt frå samisk miljø og kultur. Siktemålet er mellom anna å gje dei samiske elevane visse for at skolen kjenner og verdset heimemiljøet og den kulturelle bakgrunnen deira. Såleis håpar ein å byggje bru mellom heim og skole og lette vegen for elevane inn i skolesamfunnet. Også for barn i andre landsdelar bør ein ta med ein del av desse spesielt samiske emneområda, då det er svært verdfullt at alle barn i landet får lære noko om samekulturen. RETTLEIANDE ÅRSPLANAR 1. klassesteget Leik og leikesaker: Leikesaker tek elevane med heimanfrå. Dei leikar med dei og fortel om dei. Elevane leikar saman og blir kjende med kvarandre. Om å ta vare på leikesakene og ta omsyn til kvarandre. På skolevegen: Vegar og gater. Fortau og fotgjengarfelt. Bil og buss. Trafikkreglar. Trafikkskilt. Gatekryss, planovergang, bryggje. Modellar. På skolen: Klassekameratane. Lære namna på dei. Klasserommet. Pynte i klasserommet. Skolemateriell. Skolebygningen /-ane. Skolegården. Besøk i andre klassar, i spesialrom, hos skolestyraren, helsesyster, tannlege og andre. Ordensreglar. Høfleg framferd. Halde orden i eiga skoleveske, eigne bøker, eigne klede. Leggje bind på bøkene. Den nye dagsrytmen til elevane: Morgonstell og frukost. Bordskikk. Leik og plikter. Kveldsstell og leggjetid. Kroppen vår: Kroppsdelar. Sansar. Helsereglar. Rett og feil kost. Tannhelse. Vaske hender. Pusse tenner rett. Klede og behandling av dei. Klede og klima (samedrakta) . Heim og familie: Bustaden. Ulike rom i bustaden. Mor, far, sysken, nærmaste slektningar. Ulike familietypar. Arbeidsdeling i heimen. Barn andre stader: I vårt og i andre land. Andre leikar. Andre skikkar. Biletbøker. Songar og forteljingar. Jul: Advent. Juleførebuing (pynt, gåver, mat, skikkar) . Julesongar.
Skann 173 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 3

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 171». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/173/