SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 14 skann 16

14 Respekt for lover og normer. Ansvar i skolesamfunnet. Ansvar i heimen. Ansvar i samfunnet. Ansvar i verdssamfunnet. Realisering av grunnleggjande verdiar. for dei. Elevane bør derfor oppmuntrast til å hjelpe kvarandre i det daglege arbeidet og til å ta på seg ansvar for eit arbeid som fleire går saman om. Dei må fa oppleve at alle verkeleg kan yte noko verdfullt i eit samarbeid. På denne måten kan elevane på eit tidleg tidspunkt få lære kva eit forpliktande samhald vil seie. Elevane må få oppleve kva venskap krev, og kva venskap gjev. På den andre sida må elevane også fa oppleve eit samhald som ikkje er av personleg slag, men som kviler på respekt for skrivne og uskrivne lover og normer. Ein slik solidaritet må skolen prøve å skape både i den enkelte gruppa og klassen og innanfor skolen i det heile. For å auke kunnskapen om den plass og dei oppgåver individet har i fellesskapet, må elevane gradvis få større ansvar. Etter kvart som dei kjem opp gjennom klassane, må dei få vere med på å planleggje arbeidet i skolen og få ansvar for at det som er planlagt, blir gjennomført. Dette må gjelde både fag og fagområde og andre tiltak i skolesamfunnet. Samspelet mellom dei individuelle og dei sosiale omsyn vil kunne møte ei sterk utfordring nettopp i skolen som samfunn. Elevane må få oppgåver, plikter og ansvar overfor fellesskapet. Dei må trekkjast aktivt inn i arbeidet med å skape trivsel i skolen, både ute og inne, i arbeid og leik. Samværet med lærarar og medelevar og behandlinga av bygningar og utstyr krev at elevane lærer seg til å ta omsyn. Skolen må leggje vekt på å gje elevane forståing for etiske, personlege og praktiske utfordringar i heimen og i familielivet. Med utgangspunkt i den kunnskap skolen gjev om heim og familieliv, må elevane setjast i stand til å sjå dei vilkår og plikter heimen byr på, både når det gjeld sjølvutfalding og sosialt ansvar. Elevane må bli klar over dei verdiane som ligg i fellesskapet mellom familiemedlemmene, og det ansvaret eit gjensidig samarbeid fører med seg. I denne samanhengen er det viktig med ei heilt ut fordomsfri vurdering av kjønnsrollene. Orientering mot utdanning og yrke må vere ein del av arbeidet med å gje elevane ansvar også overfor samfunnet. Elevane må fa hjelp til å vurdere sine eigne føresetnader og sine ynske og planar, og dei må få opplysning om dei utdanningsvegar og yrke som kan vere aktuelle for dei. I samband med ei slik oppgåve kan skolen lykkast i å sameine individuelle og sosiale omsyn. I oppsedingsarbeidet er det naudsynt for skolen å byggje på sosialetiske ideal som ikkje kjenner samfunnsgrenser. Skolen må stimulere til ansvar for samfunn av ulike typar og ulikt omfang. Den sosiale røyndommen utanfor skolen, anten det no gjeld den lokale skolekrinsen eller fjerne himmelstrøk, er viktige felt som skolen må dra inn i oppsedingsarbeidet. Det er av stor verdi at elevane kan bli engasjerte i problem og oppgåver som går vidare enn til heim og skole. Gjennom dette kan elevane lære å sjå rekkjevidda av sitt medmenneskelege ansvar. Når grunnskolen ynskjer å fremme grunnleggjande verdiar, kan det best gjerast ved å realisere dei same verdiane i oppsedingsarbeidet og i undervisninga. Såleis må verdiar som åndsfridom og toleranse prege skolen i holdninga til og behandlinga av elevane, og dei må vere grunnlaget for valet av lærestoff, arbeidsmåtar og verkemiddel. I særleg grad må dei vere forpliktande ideal i religiøse, etiske, sosiale og politiske spørsmål, og elles på alle område der ulike oppfatningar kjem til orde. Ein tolerant og vidsynt skole må vere mest mogeleg sakleg i si fram
Skann 16 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 14». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/16/