SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 13 skann 15

13 Rasjonelle arbeidsmåtar. Utvikling av personlegdom. Syntese mellom det individuelle og det sosiale. Å kunne stå aleine. Vern mot suggestive påverknader. Forpliktande samhald. har sin eigenverdi, men er samstundes ein føresetnad for å nå neste steg. Ved å gje elevane allmennkunnskap set skolen i gang ei læring som kan førast vidare i mange retningar, så langt og så lenge som den einskilde har føresetnader for. Ei vidareføring av læring som er sett i gang, er ikkje berre avhengig av kunnskap og dugleik som er oppnådd på eit visst steg. Det er i like stor mon avhengig av om elevane veit kvar og korleis dei til kvar tid skal kunne finne dei opplysningar dei har bruk for. Det er derfor grunn til å leggje stor vekt på å lære elevane rasjonelle arbeidsmåtar. Skolen skal gje elevane øving i bruk av leksika og andre oppslagsbøker. Han skal venje dei til å hente informasjonar frå tidsskrift og dagspresse, han skal vise dei til bibliotek, museer og utstillingar og til media som film, radio og fjernsyn. Skolen skal vidare venje dei til å arbeide kvar for seg og til å samarbeide med kvarandre. Elevane treng hjelp til å lære seg å lære. Grunnskolen må sjå det som ei viktig oppgåve å fremme karakterog personlegdomsvokster hos elevane. Dette krev at forholda blir lagde til rette for ei utvikling der alle evner og anlegg, alle sider av personlegdomen får dei best mogelege vilkår til å utfalde seg. I denne utviklinga må idealet vere ein integrasjon av det individuelle og det sosiale. Den individuelle og den sosiale utvikling må få like gode vekstvilkår i skolen. Gjennom allsidig aktivitet må elevane få utvikle si eigenart. Dei skal få hjelp til å bli medvitne om kven dei er, til å kunne vurdere seg sjølv, sine vilkår og plikter i sosial samanheng. Eit viktig ledd i den individuelle utviklinga er at elevane får sjølvtillit. Dette kan ein oppnå ved at dei på alle felt får oppgåver som det er rimeleg at dei kan meistre. Dei må bli stimulerte til å gjere seg opp sine eigne meiningar og få øving i å hevde dei. Elevane må få lære at kunnskap er eit naudsynt grunnlag for sjølvstendige standpunkt. I oppsedingsarbeidet kan det bli ei viss spenning mellom individuelle og sosiale omsyn. På den eine sida må ein setje visse krav om innordning i eit fellesskap. På den andre sida kan det vere naudsynt å stimulere til sjølvstende og kritisk holdning. Ei sameining av desse to omsyna er både ynskjeleg og mogeleg. Eit individ som kan arbeide sjølvstendig og som har evna til aktiv vurdering og til å gjere seg opp sine eigne meiningar, vil og kunne vere ein verdfull medlem av ei gruppe, ta leiinga når forholda ligg til rette for det, og underordne seg når situasjonen krev det. Skal sameininga av individuelle og sosiale omsyn bli harmonisk, må elevane utvikle evna til å vurdere ein sosial situasjon. På den eine sida er det her spørsmål om å vite når fellesskapet gjer solidaritet og underordning naudsynt, og på den andre sida å avsløre og avvise urimeleg sosialt press. Eit viktig ledd i karakterutviklinga er nettopp at elevane lærer å kunne stå aleine og hevde sin individualitet, men samtidig lærer å respektere andre som på tilsvarande måte hevdar sin individualitet. I denne samanhengen er det særleg viktig at skolen prøver å utvikle evna hos elevane til å lage seg motførestellingar mot suggestive påverknader, anten desse påverknadene kjem frå deira nærmaste eller frå massemedia. Elevane må få kjennskap til dei verkemiddel som er vanlege i slik påverknad, og til dei uheldige verknader slike middel kan ha. Skal skolen oppsede elevane til å realisere seg sjølve på ein sosialt positiv måte, må han prøve å få dei til å kjenne ansvar for andre menneske og utvikle både vilje og evne til verkeleg å vere til hjelp og nytte
Skann 15 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 13». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/15/