SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 12 skann 14

12 God allmennkunnskap. Kunnskap om seg sjølv. Kunnskap om samfunn. Innføring i kulturarven. Livslang læring. lærestoff, arbeidsmåtar og samværeformer. Samhald og samarbeid utviklar ein i skolen først og fremst ved at elevane lærer å forstå verdien av å arbeide saman med lærarar og medelevar. Men skolen må dg leggje vekt på å venje elevane til å vere hjelpsame mot og samarbeide med alle menneske. Skolen har til oppgåve å hjelpe elevane til å skaffe seg kunnskapar som gjer dei betre skikka til å ta vare på verdfull arv frå fortida, til å forstå og finne seg til rette i dagens samfunns- og kulturliv, og til å førebu seg på oppgåvene i morgondagens samfunn. Allmennkunnskapen må derfor omfatte ei grunnleggjande innføring i heile det livs- og kulturmønster som grunnskolen sjølv høyrer til. Det gjeld både natur og kultur i dagsaktuell og historisk samanheng. Kunnskap om den levande og den livlause natur skal gje både naturforståing og naturglede. I naturfag er det rikt høve til å vekkje og stimulere vitehug og forskartrong hos elevane, slik at dei blir dregne mot uløyste spørsmål og oppgåver. Kunnskap om naturen omfattar også det elevane skal lære om kroppen sin, om bygnad og funksjon, kva som skader og kva som styrkjer helsa. Det elevane lærer om samspelet mellom individet og naturen, gjev den naudsynte bakgrunn for eit aktivt natur- og miljøvern, som skolen må leggje stor vekt på å fremme. Samtidig skal den kunnskapen elevane far om seg sjølv, hjelpe dei til å vinne kunnskap om mennesket og den særstilling mennesket står i. Med heim og familie som naturleg utgangspunkt må skolen gjere elevane kjende med vilkår for trivsel, samhald og samarbeid i dei gruppene dei sjølv er med i. Dette gjeld først og fremst klassen og skolesamfunnet, som elevane må lære å kjenne medansvar for. Men orienteringa må etter kvart utvidast til å gjelde større og fjernare grupper og samfunn, slik at elevane ikkje berre lærer om sin eigen heimstad og sitt eige land, men om heile det verdssamfunnet dei går i møte. Ved å skape større forståing for liv og livsvilkår til menneske i andre delar av verda kan skolen hjelpe elevane til å skjøne verdien av samarbeid over landegrensene, og såleis medverke til internasjonal forståing og fred mellom ulike folkeslag og nasjonar. Skal dette kunne skje, må samfunnsorienteringa vere allsidig. Ho må omfatte ulike sider av tilhøvet mellom individ og samfunn og dei ulike former kulturen kan få. Nærings- og arbeidsliv med forgreiningar, organisasjonar og økonomiske problem kan heller ikkje utelatast. Skolen har eit særskilt ansvar når det gjeld å få elevane til å sjå si eiga tid i perspektiv. Innføring i kultur og samfunnsliv i fortida gjer det mogeleg å forstå dei forandringane som har skjedd, og dei kreftene som har verka. Dermed vil elevane få hjelp til å sjå det verdfulle i tradisjonar og røynsler, samtidig som dei blir betre skikka til å vurdere behov og former for fornying. Samtidig som elevane får del i kulturarven, blir dei stimulerte til å ta vare på og gjere denne arven rikare. Eit viktig mål for skolen er å gje elevane eit rikare livsinnhald. Skolen skal gje dei meir å glede seg over, meir å interessere seg for, meir å tøye seg etter. Alle elevar vil ikkje med ein gong oppfatte at det dei lærer, er verdfullt. Skolen kan likevel ikkje la vere å ta med stoff som elevane først ser verdiar i når dei er komne lenger i si utvikling. Det er rimeleg å sjå all kunnskap og dugleik som elevane tileignar seg i grunnskolen, som ledd i ei utvikling med stadig nye forgreiningar. Kvart steg i utviklinga
Skann 14 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 12». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/14/