SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 147 skann 149

Engelsk MÅL Undervisninga i engelsk skal ta sikte på - å gje elevane praktisk oppøving i språket, som kan gjere det lettare for dei å få kontakt, munnleg og skriftleg, - å leggje eit så godt grunnlag som mogeleg for vidare opplæring i faget, - å byggje opp ei slik innstilling til språket at elevane får interesse for å lære meir og lyst til å bruke språket. Elevane skal utvikle allsidig språkdugleik gjennom øving i å forstå engelsk tale, uttrykkje seg munnleg på engelsk, lese og forstå engelske tekstar og uttrykkje seg skriftleg innanfor eit sentralt tilfang av ord, uttrykk og grammatiske mønster. Gjennom det lærestoffet elevane arbeider med, skal dei fa noko kjennskap til forholda før og no i Storbritannia og USA og til den rolla det engelske språket spelar som kommunikasjonsmiddel elles i verda. LÆRESTOFF Engelskundervisninga i grunnskolen tek utgangspunktet sitt i språket som eit middel til munnleg kommunikasjon og kontakt med andre menneske. Den viktigaste oppgava for språkundervisninga blir derfor å lære elevane til å oppfatte og tale engelsk, først og fremst i enkle, daglegdagse situasjonar. Viktig er det å kunne lese på det framande språket og forstå innhaldet i det ein les. Evna til å uttrykkje seg skriftleg på engelsk skal også oppøvast, både som støtte for øving i munnleg dugleik og som sjølvstendig uttrykksmiddel. Språkundervisninga i grunnskolen tek altså sikte på oppøving i ymse slag kommunikasjonsdugleik. Denne treninga må ikkje bli livlaus og mekanisk, men bør opplevast av elevane som meiningsfylt og stimulerande. Det er derfor naudsynt at ein tek omsyn til miljøet språket lever og utviklar seg i. Den allsidige målsetjinga for engelskundervisninga tilseier at dei ulike øvingsområda blir samordna slik at elevane, når dei er komne ut over det første steget, så mykje som mogeleg i kvar leksjon øver på alle områda som er nemnde i målet for undervisninga. Både høyre-, tale- og skriveøvingar kan ta utgangspunkt i skildringar, forteljingar og dialogar som elevane får høyre eller lese. Dette språkmaterialet bør vere slik at det gjev grunnlag for innøving av ord, uttrykk og språkmønster. Materialet kan konkretiserast ved bruk av ting og bilete eller ved tilknyting til kjende situasjonar. Materialet bør innehalde eller gje utgangspunkt for informasjon om daglegliv, geografi og samfunnsforhold i engelsktalande land. Grammatikkmomenta i engelsk bør innførast planfast. Det same gjeld ord og uttrykk. Ei ramme for det språkstoffet som ein skal arbeide med i engelsk i grunnskolen, finst i ei rettleiande liste over grammatikkmoment og i ei rettleiande vokabularliste.
Skann 149 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 147». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/149/