SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 148 skann 150

148 Arbeidet med lærestoffet må gå etter ein nøye tilpassa plan og med ein progresjon som er tilmåta faglege og pedagogiske omsyn. Dette hindrar ikkje at ein kan komplettere systemet med frittståande læremiddel som t.d. radio- og fjernsynsprogram, innspela lydmateriale og tekstar for fri lesing. Når slikt stoff blir brukt, må det likevel ha naturleg tilknyting til og bli integrert i det undervisningsopplegget ein i hovudsaka følgjer. Innprenting av lærestoff ein har arbeidd med tidlegare, presentasjon av nytt stoff og innøving av dette er så viktige ledd i undervisninga at storparten av tida må viast til dette arbeidet. Mesteparten av innlæringa blir såleis gjort på skolen. Ein bør vere merksam på at elevane kan ha svært ulike generelle føresetnader, også for å lære språk. Men jamvel ein svært avgrensa språkdugleik og ei orientering om nokre få drag i sivilisasjonen og kulturen til eit framandt folk kan vere av stor verdi for eit menneske. Val av innspela materiale og trykte tekstar bør ein gjere med tanke på individualisering. I det bilete av dagleglivet i engelsktalande miljø som den første undervisninga til vanleg nyttar som materiale for innøving av språkdugleik, må ein forsøke å gje eit balansert og variert bilete av interesser, aktivitetar og miljøbakgrunn hos dei personane som er nemnde. På ungdomssteget må ein ved val av stoff (litteratur, tilgjengeleg audiovisuelt materiale) leggje vekt på å finne tilfang som i like stor mon interesserer og gir identifikasjonsobjekt både for gutar og jenter. 2. Engelskundervisning på barnesteget, 4.-6. klassesteget Lærebokvokabular og grammatikkmoment finst i separate rettleiande lister. Grunnleggjande undervisning med vekt på høyreog taleøvingar og innøving av uttale i tilknyting til det røynlege, til innspela materiale, bilete og lesen tekst. Gradvis utviding av ordtilfang, uttrykk og grammatiske mønster. Samtaleøvingar, også elevane imellom. Innlæring av enkle dialogar. Dramatisering, innslag av song og leik. Lesing av tekstar med gradvis auking av vanskegrad. Etter kvart noko ekstensiv lesing. Skriftlege øvingar mest for å innprente det som er øvd munnleg. 3. Engelskundervisning på ungdomssteget, 7.-9. klassesteget Lærebokvokabular og grammatikkmoment finst i separate rettleiande lister. Høyre- og taleøvingar i tilknyting til det røynlege, til innspela materiale, bilete og lesen tekst. Aktivisering og utviding av ordtilfang, uttrykk og grammatiske mønster med utgangspunkt i dei momenta ein har gjennomgått tidlegare. Samtaleøvingar, også elevane imellom. Referat av lesen tekst og innspela materiale, frie taleøvingar, dialogar og dramatisering. Elevaktivisering. Noko innslag av amerikansk engelsk i høyreøvingane. Lesing av tekstar med gradvis aukande tilfang av frekvente ord, uttrykk og grammatiske mønster. Ekstensiv lesing. Varierte, einspråklege skriftlege øvingar. FORDELING AV LÆRESTOFF OG ARBEID PÅ DEI ULIKE STEGA 1. Førebuande engelskundervisning, 3. klassesteget 1 undervisningstime i veka fordelt på 2 leksjonar. Situasjonsbestemt og sterkt avgrensa ordtilfang - enkle setningsmønster - munnleg undervisning med vekt på å lytte og forstå med samtidig innøving av uttale ved imitasjon. Undervisning med utgangspunkt i ting, bilete, handlingar, songar, leikar og innspela lydmateriale som kjem elevane i møte i behovet deira for konkretisering, rørsle og dramatisering. ARBEIDSMÅTAR Høyre- og taleøvingar. Undervisninga bør på alle steg så langt råd er vere på engelsk slik at kvar leksjon blir ein serie naturlege høyre- og taleøvingar. På denne måten får elevane stadig øving i å oppfatte og forstå engelsk tale. Læraren må alt frå dei første leksjonane tale i eit naturleg tempo og utan å overdrive artikulasjonen, men det krevst at struktur- og ordvalet skal vere enkelt. For å venje elevane til å oppfatte ulike stemmer bør læraren regelfast bruke innspelingar. Til dette er lydband og program frå skolekringkasting og fjernsyn nyttige. Innspela materiale kan nyttast til reine høyreøvingar, men i regelen blir høyreøvingane
Skann 150 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 148». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/150/