SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 146 skann 148

146 ein skal vurdere resultata dei far på desse prøvene. Når elevane arbeider sjølvstendig, vil det alltid syne seg å vere store skilnader i farten dei arbeider med. Dette må ein ta omsyn til. Dei elevane som arbeider fort, må få oppgåver som utdjupar og utvidar kunnskapane deira, andre må få konsentrere seg om det mest sentrale stoffet og dei viktigaste bruksmåtane. Men arbeidet i matematikk bør mest mogeleg organiserast slik at elevane kan ta fatt på viktige nye emne samtidig. Dei har stor trong til å arbeide saman med kameratane og diskutere problema med dei. Læraren har også bruk for å kunne arbeide med samla klasse store delar av tida. Ein har røynsler for at dette trengst meir i visse emne enn i andre. I dei siste åra i grunnskolen kan det bli meir naudsynt å dele klassen inn i grupper, alt etter ulikt arbeidstempo og andre skilnader på elevane. Ved ei integrert handsaming av det matematiske stoffet kan ein langt på veg motverke trongen til ei slik gruppedeling. Det kan gjerast ved at ein dreg inn øving i grunnleggjande kunnskapar og bruksmåtar i oppgåver i samband med dei meir spesielle emna. Arbeidet med funksjonar kan til dømes bli lagt slik opp at dei elevane som treng det, får høveleg øving i talrekning. LÆREMIDDEL Lærebøkene bør vere slik utforma at dei gjev høve til differensiering innanfor klassen. Særleg må det bli teke omsyn til elevar som treng eit lettfatteleg språk, korte tilvisingar og øvingar som er så konkrete som mogeleg. Men dette må ikkje hindre at andre elevar får oppgåver og tekstgjennomgåingar som kan stimulere interessa deira for matematikk. Det har også mykje å seie at lærebøkene set elevane i stand til å ta seg fram på eiga hand i stoff som høver til det. Dei tre første skoleåra, medan elevane bruker etter måten for lang tid på sjølve skrivearbeidet, er det ein fordel å bruke eingongsbøker, men frå 4. skoleåret bør elevane også kunne føre oppgåver i eigne hefte. Konkrete hjelpemiddel gjer abstraheringsprosessen i matematikken monaleg lettare. Det er derfor viktig at skolen disponerer ein del konkretiserande materiell til bruk for elevane og til demonstrasjon. Ein god del materiell kan hentast frå omgjevnadene. Høveleg materiell kan vere knappar, nøtter, pinnar 0.1. i arbeidet med tal og rekneoperasjonar. Plater med hol kan brukast til pluggbrett. Reknekort kan elevane lage av kartong. Det kan og nyttast spesielt konstruert materiell (strukturert materiell) . Til arbeidet med geometriske modellar høver isopor av ymis tjukkleik, blekkboksar, esker. 0.1. Mjølkekartongar kan nyttast til holmål (liter) og til å framstelle rettvinkla, firkanta prisme og kubar. Ein kan dg lage kopieringsoriginalar til spritmaster for framstelling av ymse lekamar. Til kopieringa bruker ein stivt papir, deretter kan elevane klippe, lime og eventuelt fargeleggje. Skolane bør ha materiell som gjer elevane fortrulege med ulike måleeiningar. Ein bør også syte for å ha ting med ulik tettleik. Oppslagsbøker og tabellar frå andre fag i skolen kan nyttast i matematikkundervisninga (Statistisk årbok, tabellar frå geografi e.1.), slik at elevane kan lære seg å finne opplysningar utanom lærebøkene. Elevane må få høve til å lære å bruke reknestav og eventuelt andre hjelpemiddel når dei arbeider med tal. VURDERING Ved vurderinga skal ein følgje dei retningslinjene som er gjevne i kapitlet Vurdering i den generelle delen av mønsterplanen. Vurderinga tek utgangspunkt i skolen si generelle målsetjing, faget si spesielle målsetjing og eleven sine føresetnader på fagområdet, og ein må ta omsyn til dei undervisningsmetodane og arbeidsformene som er nytta. Ved vurdering av eleven si arbeidsevne i eit fag må ein ta omsyn til eleven sitt kjennskap til og dugleik i å utnytte faget sine hjelpemiddel, evne til sjølvstendig arbeid og til arbeid i grupper. Det er ikkje nok at læraren vurderer elevane sin arbeidsmåte og resultata av arbeidet deira, like viktig er det at elevane får øving i sjølv å vurdere. Den einskilde eleven sitt arbeid må vurderast med jamne mellomrom, både for å stimulere interessa for faget og for å gje rettleiing for vidare arbeid. Eit avslutta arbeid må vurderast snarast mogeleg. Ved vurderinga i matematikk blir det lagt avgjerande vekt på forståing og innsikt, og om elevane kan gjere oversiktleg greie for korleis problem kan løysast eller er løyste. Vidare blir det lagt vekt på evne til å arbeide sjølvstendig med stoffet.
Skann 148 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 146». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/148/