SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 142 skann 144

142 motsette av det det blir seinare. Medan ein høgre opp i skolen viser korleis reine rekneoperasjonar kan komme til nytte i konkrete situasjonar, er utgangspunktet på begynnarsteget den konkrete situasjonen, og målet er det abstrakte tålomgrepet og dei operasjonane som er knytte til det. Etter kvart som barna ven seg til å rekne med reine tal (tal utan nemning), og desse blir så store at det er praktisk umogeleg å la dei bli representerte ved konkrete mengder, vil ein kunne snakke om bruk av matematikken i vanleg tyding. Spesielt gjeld dette tekstoppgåver som er Icnytte til måltal og ikkje til teljetal. Det er ein grunnleggjande skilnad på oppgåva 3 m + 4 m og 3 meterstavar + 4 meterstavar. Når elevane sidan skal arbeide med mange ulike døme på bruksmåtar, må ikkje realopplysningar som er henta frå ulike område av samfunnslivet (t.d. frå område av næringslivet) og frå andre fag (t.d. geografi og fysikk), bli gjorde til vanleg lærestoff i matematikkundervisninga. Dersom det er ynskjeleg at elevane skal lære terminologi, reglar og konvensjonar som må seiast å vere spesielle for eit fagområde, bør ein ta den tida som trengst til ei slik innlæring frå det faget det gjeld. Når eit problem frå eit spesielt fagområde blir lagt fram for elevane i ein matematikktime, bør sjølve oppgåva innehalde ei orientering om sakstilhøvet i den mon det er naudsynt for løysinga. Det er likevel ein føresetnad at elevane tileignar seg visse grunnleggjande førestellingar innanfor dei områda som blir tekne opp. Gjeld oppgåva t.d. trygd, må dei forbinde noko med orda trygd, trygdesum og trygdeavgift, men ein skal ikkje rekne med at dei sit inne med spesielle reglar om korleis t.d. trygdeavgift skal utreknast. I ei oppgåve som gjeld slike utrekningar, .na det i oppgåva sjølv vere gjort greie for den framgangsmåten som skal brukast i det spesielle høvet, og formålet med oppgåva må ikkje minst vere å gje elevane øving i å bruke trykte rettleiingar og oversyn over talmateriale. I emnelistene for dei ulike klassestega er det gjeve døme på omgrep det kan vere nyttig for elevane å ha grunnleggjande førestellingar om. Mange av dei reglane som gjeld i samfunnslivet, er svært kompliserte og høver dårleg til å bli dregne inn i undervisninga i grunnskolen. Oppgåvene må derfor nøye seg med å gje att formålstenleg forenkla situasjonar. Nokon grunn til uro gjev ikkje dette, særleg ikkje ettersom dei fleste reglane stadig blir reviderte. Dei taloppgåvene som blir nytta, bør så langt råd er vere ajourførte. Svært mange av rekneproblema i dagleglivet har å gjere med pengar. Oppgåver med kjøp og sal har alltid vore ein sentral del av rekneundervisninga i folkeskolen, og oppgåvene gjekk for ein stor del ut på å setje opp kjøpmannskalkulasjonar. Det kan vere større grunn til å sjå problema frå ein forbrukarsynsstad. Elevane bør derfor' få oppgåver som går ut på å vurdere og samanlikne pristilbod, t.d. samanlikne vilkåra ved kontantkjøp og annan finansieringsmåte. Også oppgåver som kastar lys over verknadene av ein ustabil pengeverdi, er aktuelle. Elevane bør lære å forstå at storleiken av ein pengesum har mindre interesse enn den kjøpekrafta som ligg i summen. I samband med dette vil ein naturleg komme inn på problem som gjeld sparing, lån, lønningar og prisindeks. Her må ein på ny streke under at faglege spesialitetar og spesiell fagterminologi ikkje har noko å gjere i denne samanhengen. Andre kvardagsproblem som kven som helst kan råke på, er val av elektrisitetstariff, spørsmål om assuranse og livstrygding, ymse problem i samband med bilhald osv. I arbeidsrekning nyttar ein samansette einingar som timeverk og dagsverk. I tilknyting til det kan ein ta opp problem som fører til analoge einingar som dagsrasjonar, tonnkilometer, personkilometer, lærartimar, årskyr 0.1. Ei oppgåve i bruksmatematikk (praktisk rekning) set tre krav til eleven : 1. Han må kunne oppfatte teksten slik at han får rette førestellingar om saksforholdet. 2. Han må vite kva for rekneoperasjonar han skal bruke for å løyse problemet. 3. Han må kunne gjennomføre dei talrekningane som er naudsynte. I undervisninga i praktisk rekning er punkta 1 og 2 dei viktigaste. Punkt 3 kan også øvast inn ved reine talrekningar utan å vere knytt til noko praktisk problem. Dei praktiske oppgåvene bør derfor, i alle fall så lenge ein driv og øver inn eit emne, bruke tal som gjev enkle utrekningar, slik at det saklege problemet ikkje blir trengt unna og uroa av reknearbeidet. Sidan kan situasjonen gjerast meir realistisk. Heller ikkje bør ei oppgåve føre til numeriske reknestykke som eleven ikkje meistrar. Ei praktisk oppgåve kan løysast med eller utan likning. I det første tilfellet gjeld rekneoperasjonane berre numeriske storleikar, og utrekningane kan gjennomførast etter kvart. I det andre tilfellet uttrykkjer ein ofte den storleiken ein søkjer ved eit symbol (til vanleg x), og dette symbolet går inn i rekneoperasjonane, som da berre kan markerast
Skann 144 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 142». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/144/