SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 141 skann 143

141 måte. I denne spesielle samanhengen kan det vere nyttig å ta i bruk negative eksponentar, utan elles å gå inn på potensar med slike eksponentar. 3 og 4. Likningar og andre opne utsegner. Funksjonar. Korkje funksjonar, likningar eller ulikskapar vart direkte behandla i den 7-årige folkeskolen. Dei tre emna er knytte nøye saman. Arbeidet med likningar og ulikskapar består i å løyse spesielle oppgåver i samband med funksjonsuttrykk. Løysinga kan gjerast ved rekning eller ved grafisk framstelling. «Funksjon» og «avbilding» er synonyme nemningar. Ved parkopling av tal bruker ein gjerne «funksjon», ved parkopling av geometriske storleikar, særleg punkt, «avbilding», men det finst ikkje nokon fast regel. Ein funksjon blir definert som ei forskrift som til ein gjeven verdi av ein variabel (x) tilordnar høgst ein verdi av ein annan variabel (j). I grunnskolen tek ein altså berre med funksjonar med ein fri variabel. Algebraiske uttrykk med meir enn ein fri variabel blir ikkje behandla ut frå funksjonsteoretiske synsmåtar. Det blir teke med funksjonar som er fastsette ved tabellar (t.d. temperaturtabellar og prislister), ved verbale formuleringar (t.d. til eit tal skal tverrsummen av talet tilordnast) og ved likningar, for det meste eksplisitt, t.d.j = %x — 2, men også implisitt, t.d. x + y = 6. For å framheve det som særmerkjer funksjonsomgrepet, tek ein med nokre døme på relasjonar som ikkje er funksjonar, og av- ' grensar ikkje døma til vanlege ulikskapar. Skilnaden blir også vist ved teikning av grafar. Alt på 4. klassesteget kan ein vise skilnaden på parkoplingane (ein elev - alderen til eleven) og (ein viss alder- elevar i denne alderen). Sidan kan elevane møte døme som y* = x. Likningar og ulikskapar som opne utsegner kan klargjerast ved å setje mot kvarandre døme som x + 3 = 9, x — 1 <5, «mannen er konge i Noreg», «byen ligg i Østfold». Når likningar og ulikskapar skal løysast, må forenklinga av uttrykka ha eit rimeleg omfang. Oppgåvene bør så langt det er råd bli tilpassa dei ulike føresetnadene elevane har. Ved algebraisk løysing av likningssystem med to ukjende bør elevane lære å kjenne både addisjonsmetoden og innsetjingsmetoden, men dei må sjølve få velje kva for ein av desse dei vil bruke i kvart einskilt høve. Ulikskapar med den variable i nemnaren blir ikkje behandla. 5. Geometri. Geometrien tek til alt frå 1 . klassesteget som eit fag prega av leik, og har gjennom heile barneskolen karakter av eit eksperimentalfag. Ein slik geometri gjev elevar med ulike føresetnader eit godt høve til å arbeide med det same stoffet samtidig. Elevane arbeider til dømes med firkantar med like store sider. Ei første oppgåve kan vere å teikne ein slik figur. Dernest kan det gjevast oppgåver som går ut på å måle linjestykke og vinklar på figuren. På det neste steget blir det spørsmål om det kan dragast slutningar av målingane, om desse slutningane kan kontrollerast på noko vis, og korleis dei reglane som ser ut til å gjelde, kan formulerast. På ungdomssteget må elevane få ei viss innsikt i den systematiske oppbygginga av faget. Men den eksperimentelle geometrien vil framleis høve best for mange elevar. Ein må sjå bort frå ei strengt aksiomatisk oppbygging, men ved å ta utgangspunkt i høveleg utvalde setningar kan det utviklast slutningskjeder som gjev kortare samanhangande lærebygningar. Like lite som i algebra vil det vere mogeleg å halde fast ved det geometriske kurset i same omfang som før. I planen er det lagt stor vekt på å få med dei delane av geometrien som har med praktiske bruksområde å gjere, eller som gjev grunnlag for vidare arbeid i skolen. Til dei første høyrer læra om likedanning og læra om areal- og volumutrekningar, til dei siste t.d. setningar om parallellogram, som blir nytta i vektorgeometrien. Det er teke med lite om sirkelens geometri. Ved sida av å teikne figurar med teiknetrekant og gradskive til hjelp får elevane også lære å konstruere figurar, først og fremst tre- og firkantar, med passar og linjal som hjelpemiddel. Lærebøkene bør føre fullstendige prov for ein del setningar. Verdien av desse prova ligg ikkje så mykje i det saklege innhaldet som i dei døma dei gjev på rett tankegang og framstelling. Det bør gjevast ein del oppgåver i provføring, men ein kan ikkje rekne med at slike oppgåver vil bli tilfredsstillande løyste av alle. Å reprodusere prova i lærebøkene har mindre verdi. 6. Bruk av matematikken. Hovudsiktemålet med matematikkfaget i grunnskolen må vere å setje elevane i stand til å løyse problem som ofte dukkar opp i dagleglivet, samfunnslivet eller yrkeslivet, og som ikkje er altfor spesielle. I begynnarundervisninga er tilhøvet mellom matematikken og bruksområda det
Skann 143 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 141». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/143/