SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 139 skann 141

139 er det langt større sjansar til å engasjere elevar utan spesiell sans for teoretisk matematikk. Fundamentale allmennmenneskelege førestellingar ligg til grunn for dei ulike greinene av matematikken. Å ta eit emne opp til undervisning vil seie å gjere eleven medviten og systematisere og utvikle slike førestellingar. Innføringa i eit emne er for så vidt ikkje bunden til eit bestemt steg i skolen, men den måten det blir gjort på, vil vere avhengig av alderen til eleven. Geometri og algebra, mengdelære og funksjonslære blir no introduserte alt på barnesteget. Ved å førebu emna tidleg og på ein enkel måte lettar ein tileigninga for eleven. Alle omgrep og meiningar lét seg uttrykkje ved hjelp av det vanlege språket vårt. Men ei framstelling kan gjerast enklare og presiserast ved å føre inn spesielle symbol og faguttrykk. Men dersom ei slik forenkling skal ha noka meining, må det vere eit visst behov for ho, elles vil forenklinga berre kjennast som ei ekstra påkjenning for minnet. Behovet for symbol er svært ulikt hos elevane. Hovudregelen må vere at elevane, innan rimelege grenser får uttrykkje seg slik dei sjølve finn mest tenleg. I planen er det derfor ikkje sett opp noka liste over symbol som skal lærast. Det bør og vere ein hovudregel at symbola blir tekne i bruk først etter verbal innføring og bruk av dei omgrepa som symbola står for. 1 . Tal og talrekning. Tilstrekkeleg tempo og støleik i talrekning er avhengig av støe talomgrep og dei algoritmane - føringsmåtane - som er innarbeidde. Bruk av ulike algoritmar kan føre til store ulemper for elevar som skifter skole. Overgang frå ein algoritme til ein annan vil alltid gjere elevane usikre. Ein elev som går over til ny skole, må derfor få halde fram med dei algoritmane han er van med, dersom han ynskjer det sjølv. Hovudrekning er eit hovudmoment i talrekninga. Hovudrekning vil ikkje seie å reprodusere i tankane algoritmane frå skriftleg rekning. Etter desse algoritmane tek ein til med einarane og går etter kvart over til høgre einingar. I hovudrekning arbeider ein helst med dei høgste einingane først. Rekninga 65 + 21 blir utført som 65 + 20 + 1 . Det er viktigare i starten å slå fast at svaret er om lag 80 enn at det endar på 6. Øving i hovudrekning går for det meste ut på å utvikle evna til å sjå kva for mogelege løysingar som i kvart høve ligg i tala, som t.d. Elevane skal venje seg til å vurdere kor rimelege svar dei får. Dette kan referere til den praktiske situasjonen - det er ikkje rimeleg at eit fjernsynsapparat kostar kr 25,50 - eller det kan referere til det numeriske resultatet av ei talrekning - det er ikkje rimeleg at 3,12 • 52 = 1622,4. I det første tilfellet er elevane si vurdering avhengig av røynsleområdet deira, i det siste skal dei lære å gjere eit overslag. Overslagsrekning er rekning med tal som er avrunda, slik at ein ved enkel hovudrekning kan slå fast om lag kor stort svaret er, t.d. 3,12-52 * 3-50= 150. Eit svar er heller ikkje rimeleg om det blir gjeve så nøyaktig at det er meiningslaust. Å gje opp vekta av eit eple til 132,57392 g er det inga meining i. Ein må også gjere det klart for elevane at utrekning på grunnlag av usikre tal (tal funne ved måling), gjev usikkert resultat. I slike høve bør dei lære å ta omsyn til det usikre grunnlaget, slik at dei ikkje reknar ut resultata meir nøyaktig enn det er dekning for. Dersom ein skal samanlikne brøkar, må dei ha same nemnaren. Prosentrekning er rekning med brøkar som har nemnaren 100, dei kan altså utan vidare samanliknast. Ein må skilje mellom prosent og prosentdel. Eit parti som i eit val går fram frå 10% av stemmene til 20%, går fram med 100%, men med 10 prosentdelar. Prosentomgrepet skal bli innført i 6. klasse, der elevane lærer å finne kor mykje ein gjeven prosent er av eit bestemt tal. I 7. klasse skal dei og lære å finne kor mange prosent eit gjeve tal er av eit anna tal, og å fastsetje eit tal når ein gjeven prosent av det er kjend. Desse to oppgåvetypane høver godt til å løysast med likning. I 7. klasse blir og rekning med promille innført. Når prosentrekninga er gjennomgått, vil ikkje dette krevje lang tid. Ei klår oppfatting av reelle tal ligg truleg utanfor det ein kan vente vil bli forstått av dei fleste elevane. Men det bør vere mogeleg på slutten av kurset å lære interesserte elevar at det finst problem - t.d. finn x slik at x 2 = 2 - som ikkje let seg løyse i mengda av rasjonale tal. Men praktisk kan ein tilnærma løyse problema med slike tal. 2. Algebra. Innføringa i algebra (bokstavrekning) bør først og fremst byggje på det som tidlegare er gjennomgått i tal og talrekning. I talrek- 37 + 18 = 37 + 20 - 2 18 + 35+ 12+ 15= (18+ 12) + (35+ 15) 94 - 18-94-20 + 2 37 • 11 = 37- (10 + 1) 76 • 8 + 76 • 2 = 76 • (8 + 2) 32 • 25 = (32 • 100) : 4 osv.
Skann 141 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 139». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/141/