SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 138 skann 140

138 - Likningar av 1. grad med to ukjende. Ein løyser likningssystem både med rekning og med grafisk framstelling. - Kvadratiske likningar som t.d. 5.x 2 == 35 skal løysast ved hjelp av kvadratrottabell. Funksjonar. - Ein arbeider vidare på tidlegare grunnlag. Nokre døme på stykkevis lineære funksjonar og funksjonar av forma y = — . Omvend proporsjonalitet. - Ein teiknar grafar etter ulike typar forskrifter og bruker desse grafane til å løyse nokre oppgåver. Geometri. - Eigenskapar ved strekking ut frå eit punkt, formlikskap, proporsjonar, deling av linjestykke i like store delar. Linjeforhold (målestokk), flateforhold. - Formlikskap mellom trekantar med parvis like vinklar. - Den pytagoreiske setninga. - Ein held fram med øving i konstruksjon eller teikning med enkle utrekningar. - Areal og omkrins, meir øving, særleg med vekt på samansette figurar som ein kan finne i det praktiske livet. - Volum og overflate, meir øving. Ein skal ta med kule. Bruksmåtar: - Ein held fram med oppgåver frå økonomi. Samyrke, livstrygding, trygder, avgifter, prisindeks, samanlikning av elektrisitetstariffar 0.1. - Aksjar og obligasjonar - kurs. - Rekning med forhold (blandingar, arbeid 0.a.). - Statistikk : Ein arbeider vidare på tidlegare grunnlag. Ein fører inn relativ frekvens. Ein kan m.a. hente talmaterialet frå offentlege tabellverk. Tolking av grafiske illustrasjonar. Døme på misbruk av statistiske data og illustrasjonsmåtar. Kommentarar til emna Dei emna planen tek med, er dels gamle og velkjende, dels nye, som først med forsøksplanen av 1960 og seinare endringar har fått plass i norsk grunnskole. Med omsyn til dei gamle emna, er det, så langt ein skal tolke kursmomenta tradisjonelt, ikkje turvande med mange kommentarar. Når det gjeld det nye, der ein ikkje har nokon tradisjon å halde seg til, kan det vere ein viss tvil om omfang og innhald av emne som berre er nemnde i ei stikkordprega liste. Alle må kunne gje planen ei romsleg tolking, men det kan likevel vere formålstenleg å gjere greie for kva som har vore tenkt ved utforminga av han. Det er særleg to forhold som gjer det ynskjeleg med ei romsleg tolking av planen. For det første er elevane sine føresetnader svært ulike. For det andre er det lagt vekt på ein induktiv arbeidsmåte. Det siste fører til at det stundom vil vere naturleg å gå ut over det som er spesielt nemnt i planen når elevane sine spørsmål og interesser gjer det ynskjeleg, samstundes som det kan vere rimeleg å leggje noko mindre vekt på andre emne. Dette gjeld særleg ungdomssteget. Det må derfor understrekast sterkt at den planen som ligg føre. er ein rammeplan. Emne som talhandsaming og praktisk rekning krev inga motivering, at dei må vere med, er innlysande for alle. Andre emne, t.d. algebra og funksjonslære, vil hjå elevar og foreldre vere meir eller mindre omdiskuterte. Men for dei fleste som ynskjer å halde seg orienterte i dagens samfunn, er også kunnskap i algebra og i læra om funksjonar og likningar, kort sagt kjennskap til bokstavtal og omgrepet variabel, både ynskjeleg og turvande. Aviser og publikasjonar elles inneheld stendig artiklar som krev slike kunnskapar for å bli fullt ut forstått. I stor utstrekning blir grafisk framstelling brukt som illustrasjonsmiddel og utrekningsforskrift, reglar for utrekning av skattar og pensjonar t.d. blir uttrykte ved algebraiske formlar (funksjonsuttrykk). Mange vanlege yrke, og det gjeld ikkje berre dei reint tekniske, krev innsyn i variabelomgrepet slik at ein ikkje berre kan følgje med når andre bruker det, men at ein også sjølv til ein viss grad kan gjere bruk av det. Grunnleggjande matematiske emne er derfor utan tvil ledd i ei allsidig allmennutdanning. Geometrien står på fleire måtar i ei særstode. Faget har ein tradisjon i den europeiske kulturkrinsen som er over to tusen år gammal, og den systematiske oppbygginga av det har sidan Euklids dagar tent som mønster på logisk tenking. Delar av geometrien - læra om utrekning av areal og volum - blir utan vidare aksepterte ut frå nytteomsyn, medan det formålstenlege i å halde på den teoretiske geometrien i grunnskolen slik som Euklid gav oss han, i dag er drege i tvil. I moderne skolegeometri har likevel emnet fått ei ny side som forsvarar ein plass for geometrien i skolen. Ved at geometrien no blir introdusert som eit eksperimentalfag der elevane på eit mykje tidlegare steg enn før på ulike måtar aktivt får kjennskap til det som er geometrisk regelbunde, er det lagt meir vekt på det ved faget som lettast vekkjer interesse. Dermed
Skann 140 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 138». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/140/