SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 11 skann 13

11 Ulike, men likeverdige elevar. Individualisering av arbeidet i skolen er i seg sjølv ei akseptering av det at elevane er ulike. Når skolen i sitt arbeid tek omsyn til ulikskapen, må skolen samtidig gjere det han kan for at det ikkje skal lage seg skiljelinjer og skapast avstand mellom elevane. Skolen må både ved si eiga holdning og ved aktiv påverknad gjere sitt til at elevane godtek kvarandre som innbyrdes ulike, men samtidig likeverdige. Når ein skal velje lærestoff, vil også motstridande omsyn melde seg. Elevane må få arbeide med stoff som svarer til føresetnadene hos den einskilde, men dei må og så langt råd er få vere saman om lærestoffet. Det er berre på denne måten det kan skapast grunnlag for felles røynsler og opplevingar. Slike røynsler og opplevingar er grunnleggjande for den sosiale oppsedinga. Utvikling av heile personlegdomen. Skolen har til oppgåve å utvikle heile personlegdomen. Av stort verd for ein harmonisk og allsidig personlegdomsvokster er kroppsleg og mental helse. Skolen har derfor eit særleg ansvar for å byggje opp ei god fysisk og mental helse hos elevane. Ved å leggje forholda til rette for kroppsleg helse og styrke kan skolen gjere sitt til å stette aktivitetstrongen og styrkje sjølvtillita og viljelivet hos elevane og såleis skape arbeidskraft og arbeidsglede. Ved samtidig å vekkje sansen for dei verdiane som ligg i dette, kan skolen byggje opp viljen hos elevane til å verne si eiga og andres helse og til å nytte ut dei kroppslege evnene dei rår over. Kroppsleg og sjeleleg utvikling. Intellektuell utvikling. Skolen må sjå det som ei viktig oppgåve å fremme ei balansert utvikling av evnene til elevane. Det må leggjast vinn på den intellektuelle utviklinga, på bruk og øving av minnet, på utvikling av evna til logisk tenking og evna til å meistre tal- og språksymbol. Men skolen må vere på vakt mot ei einsidig utvikling i denne retning. Prøver og eksamenar må ikkje få ein plass og ei utforming som fører til overdriven vekt på teoretiske disiplinar. Inntrykk og oppleving. Ei mogning av kjenslene vil vere avhengig av at elevane får allsidige og nyanserte inntrykk som kan gje grunnlag for oppleving og engasjement. Impulsar frå natur, kunst og sosialt samkvem kan utvikle eit rikare kjensleliv. På dette området kan dei fleste fag gje store tilskot gjennom både lærestoff og arbeidsmåtar. Skapande aktivitet. Dei inntrykk elevane får, og den oppleving desse inntrykka fører til, må i neste omgang føre til aktiv utfalding på ulike livsområde. Innanfor dei estetiske faga vil det vere rikt høve til å utvikle kjenslene, slik at det kan slå ut i skapande verksemd i ulike fag og med ulike middel. Skapande aktivitet må vere eit viktig trekk ved det daglege livet i skolen, ikkje minst fordi slik aktivitet mobiliserer så mange sider ved personlegdomen. Skapande og gjenskapande arbeid må gje elevane høve til å gjere røynsler med så mange uttrykksmiddel, reiskapar og materialar som mogeleg. Både teoretiske, praktiske og kunstnarlege evner må takast i bruk. Alle fag vil derfor meir eller mindre vere område for skapande verksemd. Oppseding til samarbeid. Det skolen gjer for å fremme utviklinga av intellekt og kjensler og for å stimulere til skapande aktivitet, vil dg kunne gje plass for det sosiale momentet i personlegdomsutviklinga. Skolen må leggje vekt på å hjelpe elevane til å få kontakt med andre, til å omgåast dei og samarbeide med dei. Evna til kontakt og samarbeid må byggje på respekt for andre menneske, uavhengig av alder, kjønn og rase, og for verdiar av materiell og åndeleg art. Ein slik respekt må skolen prøve å fremme ved val av
Skann 13 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 11». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/13/