SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 136 skann 138

136 - Statistikk, utveljing og innsamling av statistisk materiale. Arbeid med materialet. Enkle illustrasjonar (linjediagram o.l.). 5. klassesteget Tal og talrekning. Naturlege tal og desimaltal. Innføring av multiplikasjon og divisjon med desimaltal, meir øving i dei fire reknemåtane. Brøk og blanda tal. Utviding og forkorting. Addisjon og subtraksjon av fellesog ikkje fellesnemnde brøkar. Ei første innføring i omgrepet forteiknstal, berre heile tal skal brukast. Innføringa kan byggje på døme knytte til førestellinga om to motsette retningar. Som hjelpemiddel kan tallinja brukast. Meir øving i overslagsrekning. Likningar og andre opne utsegner. Elevane er etter kvart vortne kjende med at t.d. x -f 22 = 47 er det same som at x — 47 — 22, og at x ■ 6 < 30 er det same som at x < 5. Dette skal kunne nyttast ved løysing av likningar og ulikskapar i ulike samanhengar. Ein held fram med å løyse små tekstoppgåver. Funksjonar. Ein held fram med å lage talpar på grunnlag av enkle forskrifter, t.d. y = x + 3, xc {1,2,3,4,5}. Illustrasjon i koordinatsystemet. Geometri. Vidare øving med form og storleik på figurar. Flytting av figurar ved parallellforskyving, dreiing eller spegling om akse for å konstatere kongruens. - Sirkelen, gradtal, sirkelboge, vinkelbogen. - Konstruksjon av vinkel lik ein gjeven vinkel. Å måle storleiken på vinklar (gradtal), gradskive. Teikning av vinkel med oppgjeve gradtal. Bruksmåtar: Meir øving i måling og omgjering av einingar. Røynsler med usikre målingar, avrunding av tal. - Nokre samansette einingar skal trekkjast inn, t.d.^J^L, 1 ! 1 o.a. m time s Forbrukarøkonomi : Ein held fram å arbeide med omgrep som er nemnde før, men noko meir krevjande oppgåver. - Statistikk : Meir øving på grunnlaget frå 4. klassesteget. Ein hentar data frå røynsleområdet til elevane, mellom anna frå andre fag på skolen. 6. klassesteget Tal og talrekning. - Naturlege tal og desimaltal, meir øving i dei fire reknemåtane. - Brøk og blanda tal, innføring av multiplikasjon og divisjon, omgjering til desimaltal. Rekning med brøk som førebuing til arbeid med forhold, prosent. - Forhold og prosent, prosent skal definerast som hundredel. - Addisjon og subtraksjon med forteiknstal. - Overslagsrekning. Algebra. - Oppstilling av uttrykk (formlar) i samanheng med det andre stoffet og i tilknyting til praktiske situasjonar. - Generell formulering av reknereglar ved hjelp av bokstavar. - Innleiande rekning med algebraiske uttrykk. Berre heile rasjonale uttrykk med heile tal som koeffisientar. - Innsetjing av naturlege tal i bokstavuttrykk. Likningar og andre opne utsegner. - Metodisk løysing av enkle likningar av 1. grad med ein ukjend. Nokre ulikskapar skal løysast etter same mønsteret. Ein skal unngå bruk av negative tal, både ved løysing av likningar og ulikskapar. Funksjonar. - Meir øving på det grunnlaget som er lagt tidlegare, mellom anna ved å tolke grafar og tabellar henta frå aviser, tidsskrift og andre publikasjonar. Bruk av fleire kvadrantar i koordinatsystemet. Geometri. - Formlikskap, forstørring og minking i visse forhold, kart og arbeidsteikningar kan t.d. trekkjast inn. - Normal, midtnormal og vinkelhalveringslinje skal framstillast ved konstruksjon eller teikning. Konstruksjon eller teikning av nokre trekantar etter gjevne mål. - Ein held fram med arealutrekning, vilkårleg parallellogram og trekant skal takast med. Døme på oppdeling av mangekantar i trekantar, måling og utrekning av areal. - Sirkelen, diameter og omkrins, tilnærmingsverdi for n på grunnlag av måling. - Volum og overflate av terning og rett prisme. Bruksmåtar: - Forbrukarøkonomi : Ein held fram å arbeide med oppgåver frå dei same områda som før. Ein tek i bruk prosentrekning, men berre for å finne ein gjeven prosent av eit tal. Rabatt, avbetaling. Renterek-
Skann 138 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 136». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/138/