SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 135 skann 137

135 time skal takast med i høvelege arbeidsoppgåver. Ein gjev skriftlege og munnlege tekstoppgåver frå røynsleområdet til elevane. 3. klassesteget Tal og talrekning. - Naturlege tal og null, utviding av talrekkja, kjennskapen til titalsystemet skal førast vidare. Meir øving med addisjon og subtraksjon. Multiplikasjon, etter kvart kan den vesle multiplikasjonstabellen øvast inn. Vidare arbeider elevane med døme som dette fortel dei at multiplikasjon er distributiv over addisjon, tilsvarande vil dei finne ut at multiplikasjon er assosiativ. - Ein førebur divisjon i samanheng med multiplikasjon, og han kan bli presentert som fleire subtraksjonar. - Brøk. Ein førebur seg til å bruke brøk ved å nytte halvdel, tredel, firedel osv., først i konkrete samanhengar. Likningar og andre opne utsegner. - Meir øving med likningar og ulikskapar. Oppgåver som t.d. 3x = 12 og 2x < 6 kan trekkjast inn i det førebuande arbeidet med divisjon. Noko auka vanskegrad, t.d. ved å bruke større tal. Funksjonar. - Elevane blir kjende med å lage ordna par i praktiske samanhengar, det kan vere talpar eller andre elementpar, t.d. elevnamn, lengda på skolevegen o.a. frå heimstad- læra. - Illustrasjon av elementpara ved hjelp av pildiagram eller ved bruk av to strålar som står vinkelrett på kvarandre. - Koordinatsystemet blir førebudd gjennom konkrete modellar frå barna si røynsle- verd, t.d. teikning av klassekart. Geometri. - Meir øving med figurar av ulik form og storleik. Førestellingar om kongruens, t.d. ved kopiering eller bretting (symmetri om ein akse) . - Innleiing til arealutrekning, t.d. ved at kvadratiske pappstykke blir lagde på ein figur eller ved å teikne av figurar på ruteark med kvadratiske ruter, spesielt bør det arbeidast med rektangel. - Sortering og identifisering av modellar av prisme, sylinder, kule o.a. Bruksmåtar: - Ulike einingar skal brukast i oppgåver og måleøvingar. Einingar som mil - km, tonn - kg og minutt - sekund kan trekkjast inn. - Det skal leggjast vekt på skriftlege og munnlege oppgåver frå elevane si røynsleverd. Elevane skal venjast til å vurdere om svara dei kjem fram til, er rimelege. Statistikk. Førebuande øvingar med enkle illustrasjonar. 4. klassesteget Tal og talrekning. - Naturlege tal, meir øving i addisjon, subtraksjon og multiplikasjon. Innøving av divisjon. - Brøk. Brøktal skal klargjerast, jamverdige føring i samanheng med t.d. mynteiningar og andre måleeiningar, plassering på talstrålen, samanheng med titalsystemet. Addisjon og subtraksjon. - Øving i overslagsrekning. Likningar og ulikskapar. - Likningar og ulikskapar skal framleis brukast til støtte for talrekning. Enkle tekstoppgåver frå røynsleområdet til elevane skal løysast ved bruk av likningar og ulikskapar. Funksjonar. - Ein held fram med å lage og illustrere tal par og andre elementpar, pildiagram og andre koordinatsystem ( 1 . kvadrant) . Elementpara kan hentast frå praktiske samanhengar, t.d. statistikk. Geometri. - Førestellingar om formlikskap, figurar skal forstørrast eller minkast, t.d. på ruteark. - Orda punkt, kurve, linje, linjestykke, stråle, plan og vinkel kan brukast i samanheng med enkle øvingar. Avstand mellom punkt. - Nokre øvingar med skjering mellom linjer, parallelle og vinkelrette linjer. Teiknetrekantar og linjal skal brukast. - Areal av rektangel, utgangspunkt i sjølvvalde einingar, etter kvart bruk av einingane m 2, dm 2 og cm 2 . Omkrins av rek- tangel. - Innleiing til volumutrekning, t.d. ved at terningar blir sette saman til prisme. Bruksmåtar: - Omgjering av einingar som elevane støyter på i dagleglivet. - Forbrukarøkonomi : Enkle tekstoppgåver som bruker omgrep som t.d. inntekt, utgift, sparing og pris (vareinnkjøp) . - Oppgåver frå elevane sine interesseområde. 3 -(10 + 2) =3-10 + 3-2, brøkar t.d. f = f = ... - Desimaltal. Deling av einingar i ti, inn-
Skann 137 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 135». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/137/