SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 131 skann 133

131 Den einskilde eleven sitt arbeid må vurderast med jamne mellomrom, både for å stimulere interessa for faget og for å gje rettleiing for vidare arbeid. Eit avslutta arbeid må vurderast snarast mogeleg. Når ein skal vurdere den framgang elevane gjer i norsk, må ein ta omsyn til at målet for opplæringa kan delast i fire hovudpunkt. Dei prøvene ein bruker til vurderinga, bør derfor dekkje høyreforståing, munnleg uttrykksevne, seinare også leseforståing og skriftleg uttrykksevne. Prøvene må rette seg etter kor mogne elevane er og kor lenge undervisninga har vart. Prøvene kan vere delprøver som tek for seg visse avgrensa sider ved opplæringa eller språkkunnskapen. Prøvene kan vere diagnostiske for å måle resultatet av sjølve undervisninga som eit korrektiv til vidare arbeid. Som grunnlag for meldingar til heimen om kor langt eleven er kommen, og for råd om vidare skolegang må ein gje heilskapsprøver som tek omsyn til alle sider ved språkkunnskapen. Heilskapsprøver nyttar ein og til vurdering av kor lenge eleven har bruk for framandspråkundervisning i norsk. Målet må vere at elevane skal vurderast likt med elevar som har hatt norsk som morsmål, og konkurrere på like fot med dei etter fullført 9-årig skolegang. Kva tid ein kan gjere ei slik sarhanliknande vurdering, er avhengig av undervisningstilbodet og det behovet den einskilde eleven har for undervisning i norsk som framandspråk.
Skann 133 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 131». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/133/