SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 130 skann 132

130 knyte desse taleøvingane til biletmateriale og øvingar på lydband. Progresjonen må skje sakte og planfast, og øvingsstoffet må vere så rikeleg at korrekt språkbruk, uttale og intonasjon far feste seg. Frie taleøvingar. Gjennom frie taleøvingar skal elevane lære seg fri munnleg kommunikasjon. Grunnlaget må vere det elevane har lært gjennom bundne taleøvingar. Gjennom aktivitetane i norsktimane må elevane stadig oppmuntrast til å bruke dei setningane dei kan. Det må skapast situasjonar t.d. med leik eller dramatisk verksemd der elevane får øving i å bruke språket fritt. Spørsmål, bilete og oppgåver av ymse slag kan og vere utgangspunkt for fri forteljing. Dersom ein tek elevane med på ekskursjonar t.d. til butikkar, byggjeplassar cl., kan dei få øving i å snakke med andre enn lærar og klassekameratar. Det må ikkje setjast for strenge krav til at samtalen skal vere språkleg korrekt når ein driv med frie taieøvingar. Læraren må vere varsam med å gripe inn med rettingar. Evna til å gjere seg forstått og spontant å finne dekkjande uttrykk for sine tankar er av stor verdi, sjølv om eleven gjer formelle språkfeil. Tekstbehandling. For elevar som får si første leseopplæring på morsmålet, må tidspunktet for å ta til å lese norsk rette seg etter kor flinke elevane er til å lese på morsmålet. Dei må ha komme så langt at dei kan lese nytt stoff av høveleg vanskegrad før dei byrjar å lese norske tekstar. Dei må og kunne skrive morsmålet. Tidspunktet for leseopplæring i norsk blir derfor noko ulikt for dei ulike elevgruppene, men i slutten av 2. eller i førstninga av 3. skoleåret burde dei fleste av desse elevane kunne begynne å lese og skrive norsk. For desse elevane bør lesing og skriving følgje det munnlege opplegget. Her må også alt stoff som ein arbeider med skriftleg, vere brukt munnleg i førevegen. Ein må sikre seg at elevane får ei grundig innføring i norsk rettskriving. Lese- og skriveopplæringa må rette seg etter kor mogne elevane er, samtidig som det er viktig at det blir lagt stor vekt på grunnleggjande kunnskap i lesing og rettskriving også for elevar på eit høgare alderssteg enn begynnarsteget. Elevar som får si første leseopplæring på norsk, bør før den tek til, få ei munnleg innføring i språket. Den munnlege opplæringa må halde fram oppover klassestega, og skal både gje øving i munnleg bruk av norsk og vere til hjelp for lese- og skriveopplæringa. Berre tekstar som elevane kjenner munnleg, blir nytta til lesing og skriving. Elevane må etter kvart lære å lese ukjend tekst og. I denne samanhengen bør elevane lære å bruke ordbok. Ein bør leggje stor vekt på stillelesing med oppgåver som set krav til innhaldsforståing. Elevane bør også oppmuntrast til fri lesing på eiga hand. LÆREMIDDEL Desse hjelpemidla må reknast som naudsynte for å sikre ei god undervisning i norsk som framandspråk: 1. Eit godt utstyrt klasserom med plass til leik og fri rørsle. 2 . Komplett læremiddelsystem for opplæring i norsk, eller lærebøker og lærarhandbøker med tilpassa materiell for munnlege og skriftlege øvingar. 3. Ting, modellar, bilete, flanelltavlemateriell, handdokker, formingsmateriale, spel o.m. 4. Skolekringkastings- og skolefjernsynshefte. 5. Lydband og lydbandinnspelingar. 6. Turvande AV-apparat med utstyr. 7. Vanskegradert stoff til utfyllande lesing, oppslagsbøker og leksika. Ynskjeleg tilleggsutstyr : Ein del undervisningsbandspelarar eller språklaboratorium . VURDERING Ved vurderinga skal ein følgje dei retningslinjene som er gjevne i kapitlet Vurdering i den generelle delen av mønsterplanen. Vurderinga tek utgangspunkt i skolen si generelle målsetjing, faget si spesielle målsetjing og eleven sine føresetnader på fagområdet, og ein må ta omsyn til dei undervisningsmetodane og arbeidsformene som er nytta. Ved vurdering av eleven si arbeidsevne i eit fag må ein ta omsyn til eleven sitt kjennskap til og dugleik i å utnytte faget sine hjelpemiddel, evne til sjølvstendig arbeid og til arbeid i grupper. Det er ikkje nok at læraren vurderer elevane sin arbeidsmåte og resultata av arbeidet deira, like viktig er det at elevane får øving i sjølv å vurdere.
Skann 132 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 130». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/132/