SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 129 skann 131

129 i det nærmaste norsktalande miljøet elevane kjenner. For svært mange er dette skolen. Dersom ein i lærestoffet tek utgangspunkt i eleven, samværet med dei andre elevane, klasserommet, skolearbeidet og skolen i det heile, kan ein på ein naturleg måte føre elevane vidare inn i det norsktalande miljøet på heimstaden. I undervisningsopplegga må ord, uttrykk og grammatiske mønster høve inn i ein tilpassa plan og med ein progresjon som er i samsvar med faglege og pedagogiske omsyn. Dei første setningane må vere enkle, og slike som elevane høyrer i miljøet på heimstaden og som dei kan bruke. Elevane må kjenne at dei har nytte av å lære norsk. Etter kvart som språkkunnskapen veks, må det leggjast inn setningar som gjev øving i spesielle vanskar. Kva som er spesielt vanskeleg for elevane, er avhengig av forholdet mellom norsk språk og morsmålet til elevane. På begynnarsteget bør lesestoffet byggje på setningar og språkstoff som elevane er kjende med. Nytt lesestoff bør ein først gjennomgå munnleg. I tillegg til eit systematisert lesestoff må det vere rikeleg utval av utfyllande lesnad som høver til det nivået elevane står på, og som appellerer til interessene deira. Elevar som har fatt den første leseopplæringa på morsmålet, må få ei grundig innføring i lydar som blir skrivne likt, men uttala ulikt på dei to språka, og i lydteikn og lydkombinasjonar som er framande for dei. Lærestoffet for den skriftlege opplæringa bør byggje på det munnlege opplegget. Ved sida av formelle skriftlege øvingar som skal gje trening i å skrive norsk ortografisk og grammatisk rett, må elevane også få øving i å skrive fritt og naturleg. I den mon det er pedagogisk og metodisk formålstenleg, bør lærestoffet illustrerast med bilete og lyd. ARBEIDSMÅTAR Elevane skal få allsidig språkkunnskap ved øving i å forstå norsk tale, uttrykkje seg munnleg på norsk i daglegdagse situasjonar, lese og forstå norske tekstar og uttrykkje seg skriftleg på norsk innanfor eit sentralt tilfang av ord, uttrykk og grammatiske mønster. Språket bør presenterast og lærast i setningar og faste uttrykk, ikkje i enkeltord. 9. Mønsterplan. Nyn. Denne språktileigninga er lettare når språket blir presentert i logiske samanhengar. Undervisninga skal vere einspråkleg. Ein bør ikkje setje om til morsmålet. Dei grunnleggjande momenta i undervisninga er lytte /forstå- tale — lese og skrive. Ein må øve parallelt med dette, slik at det eine underbyggjer og stør opp om det andre. Den systematiske opplæringa i norsk må skje på ein slik måte at elevane får ei positiv innstilling til opplæringa. Læraren må derfor velje lærestoff som er interessevekkjande og engasjerande. Nye ord, uttrykk og setningsmønster skal illustrerast så godt med ting, bilete, handlingar og situasjonar at dei fangar interessa til elevane. Dei lyttar og oppdagar at dei forstår - først hovudinnhaldet, så detaljane. Læraren må leggje vekt på variasjon i undervisninga. Song, leik og forming må vere ein del av opplegget, spesielt på barnesteget. Handdokker er eit godt hjelpemiddel både for læraren og elevane til munnleg aktivitet. Dramatisering av handlingar og situasjonar må vere ein del av timen. Dette hjelper elevane til å bruke språket spontant. Lytteøvingar. Eit av delmåla for undervisninga er det å oppfatte og forstå naturleg norsk tale. Læraren må syte for at elevane far mest mogeleg høve til å høyre norsk tale i timane. Talen må vere framført i naturleg tempo. Elevane må og få høve til å høyre andre enn læraren. Lydmaterialet kan veljast frå materiell for språklaboratorium eller anna lydbandmateriell, frå skolekringkastings- og skolefjernsynsprogram. Læraren må og hjelpe elevane til å få kontakt med dei norsktalande elevane på skolen, slik at dei også i fritida kan høyre norsk og vere i eit norsktalande miljø. Som lytteøving høver og små forteljingar på lydband eller fortalde av læraren. Slike forteljingar må illustrerast så godt med bilete eller dramatisering at dei fangar interessa til elevane. Høgtlesing bør etter kvart gå inn i opplegget. Valet av lesestoff er avhengig av mognad og interesser hos elevane. På barnesteget er det ofte nyttig å vise illustrasjonane i episkop e.l. Songar, rim og regler bør ein og nytte seg mykje av. Bundne taleøvingar. I den systematiske innøvinga av språket bruker ein bundne språkøvingar som tek sikte på å gje elevane korrekt uttale og språkbruk. Ofte vil det vere ein føremon å
Skann 131 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 129». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/131/