SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 128 skann 130

Norsk som framandspråk MÅL Undervisninga i norsk som framandspråk skal ta sikte på - å gje elevane praktisk språkkunnskap som kan gje dei betre høve til munnleg og skriftleg kontakt, — å leggje eit så godt grunnlag som moge- leg for vidare opplæring i norsk, - å byggje opp ei positiv innstilling til språket, slik at elevane får lyst til å skaffe seg meir kunnskap og til å bruke språket, - å gje ei naturleg innføring i norsk miljø. Elevane Undervisninga skal vere eit tilbod til elevar som ikkje har norsk som morsmål eller hovudspråk. Opplæringa skal ta utgangspunkt i kor mogne og språkleg utvikla elevane er, og forkunnskapane dei har i norsk. På begynnarsteget vil ulike forhold og problem gjere seg gjeldande for elevar som får si første leseopplæring på morsmålet, og elevar som får denne opplæringa på framandspråket. I undervisninga må ein ta tilstrekkeleg omsyn til det. Undervisninga skal vere eit tilbod frå skolegangen tek til, og følgje elevane oppover så lenge det er naudsynt. Læraren Eit vilkår for at elevane skal få den hjelp dei treng, er at læraren har kjennskap til miljøet og språkbakgrunnen åt elevane. Dette vil ikkje seie at læraren treng snakke eller forstå morsmålet til eleven, men han bør setje seg inn i skilnader mellom dei to språka og vurdere kva som vil falle lett og kva som vil falle vanskeleg for elevane når dei skal lære norsk. Læraren bør ha så god kjennskap til heimemiljøet åt elevane at han veit kva som kjennest framandt for dei i det norske daglegmiljøet på heimstaden, slik at han kan gje ei naturleg innføring i det. LÆRESTOFF Ein vel lærestoffet ut frå målsetjinga, språkstrukturen og dei føresetnader elevane har på dei ulike stega. Det lærestoffet elevane arbeider med, skal gje ei naturleg innføring i norsk miljø. Innføringa i språk og miljø må høyre nøye saman, slik at det blir naturleg for elevane å søkje vidareutdanning på like fot med norsktalande elevar etter fullført 9-årig skolegang. Lærestoffet bør byggje på omgrep som er kjende for elevane. Men ein bør vere varsam med å basere undervisninga på omgrep som elevane naturleg set i samband med morsmål og heimemiljø. Dette kan lett føre til at elevane tenkjer på morsmålet og så set dm til norsk. Ved det stoffet ein vel, bør ein prøve å unngå denne forma for språkinnlæring. Dersom innføringa i språk og miljø skal falle naturleg saman, bør ein ta utgangspunkt
Skann 130 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 128». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/130/