SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 127 skann 129

127 Vurderinga tek utgangspunkt i skolen si generelle målsetjing, faget si spesielle målsetjing og eleven sine føresetnader på fagområdet, og ein må ta omsyn til dei undervisningsmetodane og arbeidsformene som er nytta. Ved vurdering av eleven si arbeidsevne i eit fag må ein ta omsyn til eleven sitt kjennskap til og dugleik i å utnytte faget sine hjelpemiddel, evne til sjølvstendig arbeid og til arbeid i grupper. Det er ikkje nok at læraren vurderer elevane sin arbeidsmåte og resultata av arbeidet deira, like viktig er det at elevane får øving i sjølv å vurdere. Den einskilde eleven sitt arbeid må vurderast med jamne mellomrom, både for å stimulere interessa for faget og for å gje rettleiing for vidare arbeid. Eit avslutta arbeid må vurderast snarast mogeleg. For faget samisk/skriftforming bør vurderinga av resultat og framgang i kunnskap og dugleik omfatte så mange felt som mogeleg: teknisk lesedugleik, leseforståing, framføring, evne til å ta imot og vurdere informasjon, evne til munnleg og skriftleg framstilling av sakleg og fabulerande art, rettskriving, skriftforming og kjennskap til språket. Ved mistanke om lese /skrivevanskar bør ein bruke diagnostiske lese /skriveprøver.
Skann 129 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 127». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/129/