SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 10 skann 12

10 Heimen og kjennskap til skolen. Elevane og dei etiske verdiane. Etiske verdiar i lærestoffet. Oppseding i skolesamfunnet. Kristendomsundervisning for flest mogeleg. Skolen og personlegdomsutviklinga. Respekt for kvar einskild elev. en til elevane, om bustad- og arbeidsforholda og elles om det miljøet elevane lever i. Skolen må og gjere det mogeleg for heimen å lære skolen å kjenne. Skolen må gje opplysning om korleis han er ordna, korleis han funksjonerer, kva for oppgåver han har, kva mål han siktar mot, kva for middel han bruken Ei sterk utbygging og omlaging av skolen gjer det enda meir naudsynt å gje grundig informasjon. Dette gjeld den einskilde skolen like mykje som skolen allment. Grunnskolen skal i det heile byggje på dei etiske grunnverdiane som er forankra i kristendomen. Det ansvaret skolen på denne måten er pålagd, gjer det til ei plikt for skolen å prøve å vekkje og styrkje sansen for verdiar av etisk art. Alt etter deira alder og mognad må skolen prøve å hjelpe elevane til å sjå at i livet er det alltid spørsmål om kva som er godt og vondt, rett og gale. Det elevane arbeider med, det dei lærer og det dei opplever, bør understreke dette. Det lærestoffet som elevane møter, bør hjelpe dei til å få ei allsidig innsikt i moralske spørsmål, og utfordre dei til å gjere seg opp sine eigne meiningar. Skolen må leggje vinn på å gjere dei etiske verdiane levande og idealskapande for elevane gjennom møte med menneske i fortid og notid, i dikting og røyndom. Dei røynslene elevane sjølv gjer i det daglege livet på skolen, i klassen og i skolesamfunnet, bør på same måten gje dei etisk støleik og karakterstyrke. Dette må ein ta omsyn til når ein skal velje arbeidsmåtar, fastsetje rettar og plikter, og i det heile når ein skal organisere det samfunnet skolen er. Skolen må streve etter å leggje forholda slik til rette at alle som høyrer til skolesamfunnet, får det ansvar og møter dei utfordringar som er skikka til å fremme ein moralsk vokster. Målet for skolen må vere at grunnverdiar som sanning, rettferd, ærlegdom, truskap og nestekjærleik verkeleg blir verdiar for elevane og dermed avgjerande for livsholdning og livsførsel. Skolen pliktar å leggje opp kristendomsundervisninga slik at barn frå flest mogeleg heimar kan delta når foreldra ynskjer det. Skolen må derfor møte elevane der dei står når det gjeld livssyn og religiøse spørsmål, og alltid vere villig til å ta opp dei spørsmål som ut frå deira bakgrunn og føresetnader er av størst interesse. Når elevane når ein slik alder og mognad at det blir eit personleg behov for dei å orientere seg i tilværet og finne ei meining med livet, må skolen vere villig til å følgje dei på nye og uvane vegar, om han skal kunne vere dei til hjelp. Det som skjer på skolen, skal hjelpe kvar einskild elev til å realisere sine evner. Det er i denne samanhengen uviktig om evnene går i den eine eller i den andre retning, eller om dei er små eller store. Alle har rett til å vente av grunnskolen at han hjelper dei til den personlegdomsutvikling dei har føresetnader for. Skolen kan ikkje løyse denne oppgåva utan å byggje på kjennskap til det som særmerkjer kvar einskild elev, og på respekt for menneskeverdet hos kvar einskild elev. I denne samanhengen er intellektuelle evner og anlegg viktige, men det kan i like stor mon vere spørsmål om fantasi og skaparevne, kjensler, sjølvstende og evne til kontakt og samarbeid med andre. Eit viktig vilkår for harmonisk vokster og utvikling er at elevane blir klar over rekkevidda av sine eigne evner og interesser, og at dei får hjelp til å bruke dei. Ein naudsynt konsekvens av dette må bli ei sterkare individualisering av arbeidet enn hittil.
Skann 12 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 10». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/12/