SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 126 skann 128

126 og det vil vere av verdi at samiske elevar far drøfte desse spørsmåla i gruppe av berre samar og på sitt eige morsmål i tillegg til den behandlinga emnet får i samfunnsfaga. På mellomsteget og ungdomssteget, der både norsk og samisk er lese- og skrivespråk, vil dese faga stø kvarandre, idet studieteknisk dugleik som eleven har fått i det eine faget, blir nytta og øvd i det andre. Einskilde problem i dei andre språkfaga kan det vere nyttig å kaste lys over med døme frå morsmålet, t.d. og/å, godt/gått i norsk. Om ein meiner det er naudsynt å bruke eit hjelpespråk (til forklaring) i framandspråkopplæringa, t.d. i engelsk, vil det vere meir formålstenleg å bruke morsmålet enn eit anna framandspråk (norsk). Omvendt kan ein kaste lys over problem i morsmålet med døme frå framandspråka. LÆREMIDDEL Begynnarsteget. Førebuande undervisning. Formingsmateriell (papir, kartong, stoffrestar, utstyr til farging og måling, klipping og liming, plastilin, leire og sand). Anna arbeidsmateriell : Dokkekrok (samisk miljø). Logiske brikker eller liknande halvkonkret. Eit utval pedagogiske leggjespel (utarbeidd med sikte på barn frå samisk miljø) . Bøker 0.a. : Eit utval høvelege biletbøker. Ei handbok for læraren med høvelege forteljingar, samiske eventyr fortalde for barn, rim, regler, barnesongar og folkesongar med melodiar, framlegg til aktivitetar. Eit arbeidshefte for barna med øvingar for konsentrasjonsevna, minnet, visuell /auditiv skiljeevne, omgrepsforståing, auge-handkoordinasjon og retningsfunksjon. Flanelltavleutstyr til bruk i den språklege stimuleringa. Prøver : Prøver i omgrepsutvikling og språkutvikling. Artikulasjonsprøve. Språklydstestar/auditive testar. Metodisk morsmålsopplæring. Systematisk oppbygde begynnarbøker i lesing. Lærarrettleiing (samisk fagmetodikk). Sjølvinstruerande og helst sjølvkontrollerande arbeidsoppgåver i tilknyting til tekstane. Oppgåvene skal gje øving i både å lese og skrive bokstavar, ord og setningar, og skal innehalde ein del leseførebuande øvingar. Utvalet av oppgåver skal gje høve til individualisering. Sjølvkontrollerande lesespel, t.d. lotto, domino, puslespel, firkort 0.1. Ord- og bokstavbrikker, flanelltavleutstyr. Vanskegraderte frilesingshefte. Sjølvinstruerande hefte til studielesing. Prøver : Diagnostisk lese/skriveprøve. Standpunktprøver i stillelesing, rettskriving og ordforståing. Mellomsteget. Bøker /hefte for opplevingslesing og studielesing stille og høgt. Sjølvinstruerande oppgåver til tekstane for studielesing. Øvingsoppgaver i rettskriving og språklære. Lærarrettleiing (samisk fagmetodikk) . Motiverande materiell til øving av spesielle vanskar (t.d. firkort, leggjespel o.l.). Barnebøker, frilesingshefte. Ordliste. Standpunktprøver i stillelesing, ordforståing, rettskriving og språklære. Lydbandinnspelingar (tale/leseførebilete) . Ungdomssteget. Bøker/hefte for opplevingslesing og studielesing stille og høgt. Sjølvinstruerande oppgåver til tekstane for studielesing. Øvingsoppgaver i rettskriving og språklære. Lita samisk språklære. Lærarrettleiing (samisk fagmetodikk). Samling av samiske bøker og publikasjonar. Ordliste. Standpunktprøver i stillelesing, ordforståing, rettskriving og språklære. Lydbandinnspelingar, ulike dialektar. Forutan det minimumsutstyret som er nemnt tidlegare, er det ynskjeleg med utstyr for cellograf og audiovisuelt materiell som t.d. ferdige transparent til skriftprosjektør, biletband og dias, tekstar for lesemaskinar 0.1. VURDERING Ved vurderinga skal ein følgje dei retningslinjene som er gjevne i kapitlet Vurdering i den generelle delen av mønsterplanen.
Skann 128 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 126». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/128/