SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 125 skann 127

125 Samisk har nesten berre lydrette ord, som kan lærast ved lydanalyse. Ein må likevel vere merksam på at det finst ein del lydsambindingar som kan vere noko kompliserte eller som kan liggje til rette for forvekslingar på grunn av dialektvariasjonar eller lite distinkt uttale. Somme av desse fenomena vil det vere naturleg å ta opp som eigne øvingsemne. Dei viktigaste av desse emna når det gjeld nordsamisk skriftspråk er oppførte under avsnittet om lærestoff. Av omsyn til bruksverdien (kor ofte dei nemnde fenomena finst, og kor mykje dei har å seie for å forstå orda) rår ein til å leggje størst vekt på punkta a-e. Elevane må på eit tidleg tidspunkt lærast til å bruke ordliste, slik at dei kan få rask og effektiv hjelp der. Retting. Ein rår til å vere varsam på alle steg med å rette frie skriftlege arbeid som elevane utfører, men især på begynnarsteget. Rettinga bør helst bli gjord som eit direkte samarbeid mellom lærar og elev, og elevane bør venje seg til å kontrollere og rette eigne skriftlege arbeid. Læraren bør så langt råd er, ha ei diagnostiserande holdning til rettingsarbeidet. Standpunktprøver og diagnostiske prøver vil vere til hjelp i dette arbeidet. 5. Språklære Undervisninga i språklære skal stø og utvikle språkforståinga og språkbruken til elevane. Arbeidet med språklæra skal knytast direkte til arbeidet med skriftleg framstilling, slik at elevane kan oppdage den praktiske nytten som denne delen av morsmålsundervisninga har. Gjennom arbeidet prøver ein også å fremme forståinga av at samisk er ein fullverdig reiskap for kommunikasjon på linje med nabospråka, og å byggje opp ei innstilling av respekt for morsmålet. Ikkje på noko steg i barneskolen er det eit krav at ein skal streve etter ei eigentleg systematisering av grammatikken. Det blir understreka at elevane ikkje skal lære dei grammatiske termane som er nytta i avsnittet om lærestoff og i årsplanane, dei er berre brukte for at læraren skal ha ei oversikt. Når det t.d. i planen for 3. klassesteget er oppført «nominativ, lokativ, illativ eintal», er meininga at elevane gjennom leik med ord og setningar skal oppleve at same ordet får ulik funksjon ved at det blir nytta i ulike former: Då læ ståppo. Ak'ko manna ståppui. Dal læ ståbos. Vidare kan dei leiast til å oppdage at mønsteret tek seg opp att: goatti - goattåi - goa3is, navet - nåvehii - nåvehis. Først på ungdomssteget kan ein vente at elevane byrjar å få oversikt over dei erkjenningane dei er komne fram til, men også her åtvarar ein mot å setje ord og ordformer i båsar og setje latinske namn på. Ein del grammatiske emne er felles for fleire språk og derfor bør ein unngå parallellbehandling i faga norsk og samisk. Heller ikkje tilrår ein samanliknande grammatikkundervisning samisk /norsk. Fordi norsk språk spelar ei så stor rolle for elevane, bør ein gjere dei merksame på ulikskapar i språka, som kan klargjere vanskar dei strevar med: t.d. at det «manglande» kasussystemet i norsk ikkje tillet så fri ordstilling som samisk, slik at ein på norsk ikkje kan utelate ei rekkje småord som ein i samisk godt kan unnvere 0.1. Gjennom arbeid med ordavleiingar og alternative uttrykksmåtar (potensialis, 1. og 3. pers. imperativ, verbabessiv o.l.) tek ein sikte på større evne til variasjon i språkbruken og på å motverke førestellingar om at morsmålet er «fattig». Samisk og andre fag Gjennom heile grunnskolen bør det vere nær samanheng mellom samisk og andre fag. På dei lågaste klassestega bør særleg kristendomskunnskap, heimstadlære og samisk vere knytte nær til kvarandre. Også seinare, når norsk tek over plassen som dominerande undervisningsspråk, bør samisk og orienteringsfaga til ein viss grad stø kvarandre. Både i samfunnsfaga og naturfaga bør fagterminologi på samisk komme inn, bl. a. ulike nemningar på rein, landskapsformer, stadnamn, namn på plantar og dyr, stjernenamn osv. Elevane bør få oppleve at morsmålet også kan nyttast i slik fagsamanheng. Til slike integrasjonsformål bør det finnast ein del samisk undervisningsmateriell i tillegg til det som går inn i den «eigentlege» morsmålsundervisninga. Meir omfattande kjennskap til samisk fagterminologi i reindrifta reknar ein med at dei elevane får som vel faget reindriftskunnskap i ungdomsskolen. For alle samisktalande elevar vil spørsmål som gjeld forholdet same - nordmann, minoritet - storsamfunn før eller seinare bli aktuelle. (Jfr. avsnittet Lytte og sjå.) Eigentleg ligg det vel til samfunnsfaga å ta opp desse spørsmåla og klargjere dei, men ein må rekne med at dei samisktalande elevane vil få denne undervisninga på norsk, gjerne i blanda klasse med både norsktalande og samisktalande. Slike spørsmål er ofte emosjonelle,
Skann 127 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 125». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/127/