SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 124 skann 126

124 barnebøkene som finst på samisk, så langt dei høver. I ungdomsskolen må elevane fa kjennskap til den samiske originallitteraturen som finst, og til dei samane som har skrive litterære tekstar. Desse bør vere med : Johan Turi: Mui'talus såmiid birra Pedar Jalvi : Muottacalmit Anders Larsen: Bæivi ål'go H. A. Guttorm: Koccam spalli Kirsti Paltto: Soagnu. Dessutan utvalde stykke frå samisk folkedikting og litterære tekstar publiserte i samiske publikasjonar. Desse bør bli overførte til offisiell rettskriving dersom dei finst i ei anna. Dei publikasjonane som finst, må i det heile bli utnytta. På ungdomssteget må elevane også få litt øving i å lese tekstar med anna rettskriving enn den offisielle. Elevane bør lese tekstar som tek opp minoritetsspørsmål og kastar lys over deira eiga stilling som samar i det norske samfunnet. I tekstane bør ulike syn komme fram, slik at dei dermed kan vere utgangspunkt for samtale og kritisk vurdering frå elevane si side. 4. Skriftleg bruk av språket Den skriftlege opplæringa byggjer på dugleik i å bruke morsmålet munnleg. Det skapande elementet er grunnleggjande og må framelskast på alle steg og derfor må det ikkje bli sett så strenge krav til rettskriving og teiknsetjing at forteljegleda blir borte. Fri og bunden skriftleg framstilling blir heretter gjennomgått kvar for seg, jamvel om grensa mellom dei to formene er flytande. a) Fri skriftleg framstilling har til føremål å stimulere skaparglede hos elevane og utvikle evna deira til å gje skriftleg uttrykk for tankar og idear dei har. Fri skriftleg framstilling blir nytta på alle steg i skolen, men bør ha særleg brei plass i dei første skoleåra. Oppgåvetypar. Fabulering. Leik med ord i vers og prosa. Forteljing, skodespel, dialog 0.1. ut frå fantasi eller opplevingsverd hos elevane. Situasjonsstil. Elevane blir sette inn i ein situasjon gjennom forteljing, bilete eller skriven tekst og skriv vidare ut frå situasjonen. Ordstil. Elevane får eit utval ord til å setje fantasien i sving før skrivearbeidet byrjar. Personlege brev, dagbok. b) Bunden skriftleg framstilling har eit meir direkte praktisk siktemål. Forma blir prega meir av saksinnhald enn av personleg fantasi og kjensleliv. Av omsyn til informasjonsverdien vil det vere naturleg å setje noko større krav til formell rettskriving og til logikk og klårleik i framstillinga. Oppgåvetypar. Forteljing eller annan tekst til bilete og biletseriar. Overføre ein tekst til ein annan genre (t.d. dramatisere eit eventyr). Referat frå lesen tekst, film, radio o.a. Resymé av ein tekst. Disponere eit stoff. Attforteljing. Meiningsytring, sakleg utgreiing Formelle brev, søknader 0.1. Oversetjing (frå norsk eller eit anna framandspråk) . c) Formell rettskrivingsøving. Undervisninga i rettskriving må først og fremst ta sikte på å lære elevane å skrive rett dei orda dei sjølv bruker mest i skriftleg framstilling. Dette lærer elevane best ved at dei bruker språket i fri og bunden skriftleg framstilling og får rettleiing under arbeidet. Det kan likevel vere nyttig å la elevane gjennomgå ein del systematiske øvingar for å fa bort dei mest skjemmande rettskrivingsfeila. Øvingsformer. Lydanalyse : a. lytte seg fram til lydane og lydsambindingane i ordet. b. artikulere lydane og lydsambindingane i ordet. c. skrive ordet. d. feste syns- og rørslebiletet av ordet ved å vise det fram og/eller skrive det fleire gonger. Utanåtavskrift : (visuell diktat) a. sjå ordet/setninga. b. skrive ordet i lufta med handrørsler. c. skrive i lufta med attlatne auge. d. skrive ordet/setninga utan å sjå det/den. e. kontroll. Diktat. Avskrift. (Verdien av denne øvingsforma tykkjer mange er liten. Ein åtvarar mot å nytte avskrift i for stor mon.) U tfyllingsoppgå ver . Skrive ord eller setningar til bilete.
Skann 126 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 124». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/126/