SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 123 skann 125

123 dei kan byrje å øve seg på fire- og femlydsord utan konsonantsambindingar, er ein ikkje lenger så avhengig av å øve inn nye ord som ordbilete, idet samisk har eit bra utval av slike ord, som kan lage meiningsfylt tekst: Æno læ våris. Bæna læ fåros. Mana fal låyo lusa. Ale bala. Bæna ii læt bahå. Å skrive bokstavar og ord bør vere eit ledd i den første leseopplæringa. Bokstavane formar ein med leduge rørsler i stort format og assosierer dei stadig med lyden gjennom å seie dei og skrive dei. Elevane bør arbeide med same bokstavtypane i lesing og skriving. Progresjonen i den første leseundervisninga må vere langsam, så også dei aktivitetane som er med og hjelper fram leseprosessen, kan bli tekne vare på. Det må vere spelerom for samtale, leik, dramatisk verksemd og andre samvirkeformer. Ein bør leggje vekt på god artikulasjon. På grunn av ulike føresetnader hos elevane er sterk individualisering naudsynt. Dei flinkaste må fa øvingsoppgaver som er tilpassa dugleiksnivået, helst sjølvinstruerande og sjølvkontrollerande materiale. Dei som viser sviktande føresetnader, bør fa ekstra øving på dei områda det gjeld å styrkje, t.d. auditive og visuelle øvingar, retningsøvingar osv. Den tendensen einskilde elevar har til å forveksle formlike og lydlike bokstavar og ord, især ved lesing og skriving av små typar, må ein prøve å motverke ved grundig å innprente bokstavane og orda, både når det gjeld lyd og form. b) Den vidare leseopplæringa. Etter overgang til planen for Norsk m/skriftforming må det meste av lesetreninga vidare vere på norsk. Med den avgrensa plassen samisk vil få, kan faget berre støtte øvinga elles i lesedugleik. Elevane skal likevel venjast til å lese tekstar på morsmålet som set større krav til teknisk lesedugleik og leseforståing enn tekstane på begynnarsteget. Den vidare leseopplæringa må ha som eit viktig mål å utvide og aktivisere ordtilfanget til elevane. Denne undervisninga kan ein dele i følgjande hovudmoment: - Aktivisere det passive ordtilfanget til elevane. - Gje elevane kjennskap til ord og uttrykk som er mindre kjende frå daglegtalen, eller som høyrer til andre dialektar. - Nyare kulturord til avløysing for norske lånord. - Innpasse framandord munnleg og skrift leg. Elevane må stimulerast til sjølv å gjere seg kjende med nye ord og uttrykk. c) Høgtlesing. Kontrollhøyring av innøvd tekst på det første leseopplæringssteget. Framføringslesing av lyrikk og prosatekstar. Dramatisk verksemd. Slik framføring bør byggje på estetisk oppleving. Høgtlesing i grupper eller klasse : 1. Opplevingslesing der medelevane lyttar utan å følgje med i boka. 2. Studielesing med samtale og forklaringar. Begge desse formene for høgtlesing bør iallfall svake elevar ha høve til å førebu. d) Stillelesing. Stillelesing må komme inn alt på det første leseopplæringssteget og må få stadig større plass etter kvart som lesedugleiken aukar. Studielesing: 1. Skumlesing: Elevane blir øvde i å orientere seg snøgt i ein tekst, anten for å finne ei viss opp- lysning eller for å få eit oversyn over innhaldet i teksten. 2. Djuplesing: Eleven les seint for å forstå og hugse inn- haldet. Øvingar i studielesing: - Kjenne att ein bokstav i ein tekst. — Finne visse ord i ein tekst. - Skilje rette og range utsegner på grunnlag av ein tekst. - Svare på spørsmål frå ein tekst. - Lage overskrifter på avsnitta. - Fortelje att innhaldet. - Skriftleg/munnleg resymé. - Skrive nøkkelord. - Arbeide (t.d. teikne) etter skriven instruks. - Kombinere bilete og tekst. - Kombinere to tekstar som passar saman. Opplevingslesing tilgodeser den estetiske og kjensleprega sida av leseopplæringa. Dugande lesarar vil alt tidleg på begynnarsteget ha behov for utfyllande lesnad. Gjennom heile skoletida bør det vere eit tilbod av samisk litteratur for barn og ungdom. Elevane bør ikkje alltid gjennom kontrollspørsmål 0.1. måtte stå til rekneskap for kva dei har oppfatta av slik lesnad. Dersom eleven har lyst til å lese og er oppteken av det han les, er det ofte kontroll god nok. e) Lesestoff. Forutan dei tekstane som blir laga spesielt til undervisningsføremål, må ein utnytte dei
Skann 125 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 123». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/125/