SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 122 skann 124

122 Dramatisering - rørsleuttrykk og uttrykk ved hjelp av ord, rolleleikar og enkle improvisasjonar. Utgangspunktet kan vere stoff sprunge ut av elevane sin eigen fantasi, eller rim og regler, songar, eventyr og andre forteljingar. Gjennom den dramatiske verksemda prøver ein å gje næring til kjensle, fantasi- og viljeliv, medviten sansetrening, konsentrasjonsøving, evne til innleving, stimulans til skapande aktivitet, samarbeidsøving, tryggleik ogsjølvtillit. Individuell rettleiing. Særleg på begynnarsteget må ein arbeide mykje med artikulasjon og stemmebruk, om naudsynt individuelt. Elevar med talefeil og/eller forsinka språk/taleutvikling bør tidlegast mogeleg fa hjelp av logoped. Som utgangspunkt for samtale, framføring og dramatisk verksemd bør ein utnytte dei emna som ein held på med i orienteringsfaga. 3. Lesing a) Den første leseopplæringa. Leseførebuande aktivitetar : Desse aktivitetane bør komme før og parallelt med den første leseopplæringa. Konsentrasjonsøving: lytte til forteljing, lytte til høgtlesing, sjå og tyde bilete, svare på spørsmål. Dramatisering, mime, dokketeater. Taletrening (artikulasjon, stemmebruk, ordtilfang, syntaks) : munn- og tungegymnastikk, avspennings- og pustetekniske øvingar, dyrelåtar og andre låtar, samtale, fortelje om bilete. Omgreps trening: klassifisere ord etter ulike kriterium, (storleik, funksjon, farge o.l.), sentrale omgrep for leseprosessen (åv'dagæcéen - gas'ko - mar|r)égæccen, oanehas - guk'ki, oanehat - gukkit, baddjin - vuollin og andre forholdsord) . Minne: ekkolesing av vers, rim og regler, ta opp att eit synt mønster av figurar, attforteljing, spel som øver opp minnet. Visuell /auditiv skiljeevne : klassifisere brikker og bilete etter farge, form, storleik Og posisjon, pare bilete som er like eller høyrer saman, oppdage detaljar som manglar, lokalisere lydar og lydsambindingar, finne ut kva slag lydar og lydsambindingar ein høyrer, bokstavriming, (gussa, gål'bi, gir'ji, gar'jå osv.). Retningsfunksjon : høgre/venstre, biletseriar i leseretninga, fullføre eit mønster ( + o/ = +0/ = +0 ), kjenne spegelbilete frå det opphavlege biletet. Rytmesans: rim og regler, ta opp att ein rytme (klapping, banking e.1.). Auge-hand-koordinasjon : teikne mønster etter førebilete. Motorikk: arbeid med leire, plastilin, riving, klipping, klistring 0.1. Metodisk leseopplæring. Av dei mest kjende lesemetodane kan nemnast 1. syntetiske metodar (lydmetode, stavemetode) og 2. analytiske metodar (ordbiletmetode, setningsmetode). Av farar som kan følgje med for sterk reindyrking av ein metode, kan nemnast 1 . for lydmetoden : Dei store krava til auditiv persepsjon kan skape vanskar med lydsamanbindinga og meiningstydinga for auditivt svake elevar. Ein fare er det og dersom elevane for lenge blir avhengige av lydering og ikkje ven seg til heilordslesing, som er naudsynt for å få opp lesefarten. 2. for ordbiletmetoden: Dei store krava til visuell innprenting og minne på grunn av dei lange, formlike fleirstavingsorda i samisk kan skape vanskar for visuelt svake elevar. Ein må vere på vakt mot gissing som utveg or vanskane. Av forhold som talar til fordel for dei ulike metodane ved leseopplæring på samisk, kan nemnast 1. for lydmetoden: den lydrette skrivemåten av språket, den sterke forandringa av orda når dei blir bøygde. 2. for ordbiletmetoden: lite utval av korte ord som er lette å lydere. Den mest nærliggjande utvegen vil nok vere å kombinere element frå lydmetoden og ordbiletmetoden. For at elevane skal fa tekstar som verkar motiverande nok å lese, bør ein øve inn eit lite utval av tostavingsord (t.d. æd'ni, åc'ci, eit utval personnamn og dyrenamn). På eit tidleg tidspunkt, når elevane har skjøna funksjonen bokstavane har, bør desse ordbileta knytast saman med enkle einstavingsord til meiningsfulle setningar: æd'ni ja bæna, gæ bæna, gæ då læ bæna, gæ då læ mv bæna, mus læ bæna, gås bæna læ? læ gå dus bæna? mus ii læt bæna osv. Når elevane har fått så stor tame i å dra saman lydar til to- og trelydsord at
Skann 124 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 122». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/124/