SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 121 skann 123

121 fleirtal. Litt øving i å kjenne att til- svarande former hos eit anna nomen. - ordavleiing, nylaging av ord. 8. klassesteget Informasjon: - disponering. For vurdering av informasjon, sjå 7. klassesteget. Munnleg øving: - førebudde debattinnlegg og innleiingar - foredrag, sakleg framstilling. Lesing: Som 7. klassesteget. Ordtilfang, øving av evna til å oppfatte: - ordtøke og faste uttrykk, ordspel - øving i å ta seg fram i ein tekst med anna rettskriving enn den offisielle. Skriftleg øving: Fri skriftleg framstilling. Bunden skriftleg framstilling - meiningsytring, sakleg utgreiing. Rettskrivingsemne: - forkortingar. Språklære: - oversikt over setningstypane - døme på verb bøygde i dei ulike tidene og med personbøying positiv og negativ utsegn, dessutan substantiviske, adjektiviske og adverbiale former. Litt øving i å kjenne att dei tilsvarande formene hos eit anna verb. 9. klassesteget Informasjon: - kjelderegister. For vurdering av informasjon, sjå 7. klassesteget. Munnleg øving: - talar. Lesing: Som 7. klassesteget. Ordtilfang, øving av evna til å oppfatte. Skriftleg øving: Fri skriftleg framstilling. Bunden skriftleg framstilling — formelle brev, søknader. Rettskrivingsemne. Språklære: - ordstilling - så vidt komme inn på emnet possessive suffiks, slik at elevane blir klåre over kvifor ikkje alle nytta former av nomenet let seg innpasse i det bøyingsskjemaet dei har fått ein viss kjennskap til. ARBEIDSMÅTAR 1. Lytte og sjå Elevane skal stimulerast til og øvast opp til å skaffe seg informasjon ved å leggje merke til omgjevnadene, ved å lytte til forteljing, gjennom samtale, dramatisk verksemd, bilete og massemedia. Like mykje som dei må øvast i å ta imot informasjon, må dei lære å skilje inntrykk frå kvarandre og øve seg til å bli kritiske overfor den informasjonen dei tek imot. Dei må også venje seg til å velje blant dei informasjonskjeldene dei har til rådvelde. Særleg bør ein i samiskfaget arbeide med informasjon som kan gje elevane innsikt i minoritetsspørsmål slik at dei betre kan bli i stand til å vurdere fordomsfritt stillinga til deira eiga minoritetsgruppe og andre minoritetsgrupper. Gjennom lydbandinnspelingar bør elevane venje seg til å oppfatte ulike dialektar innanfor sitt eige språkområde. 2. Munnleg bruk av språket Det som er oppført som lærestoff under dette hovudemnet, bør ein prøve å utvikle gjennom Gode talefør ebilete. Her ber læraren største ansvaret, men også lydband og andre media kan nyttast i opplæringa. Ikkje minst må ein i opplæringa leggje vekt på å førebyggje at morsmålet blir utarma gjennom den sterke påverknaden frå norsk språk. Samtale i grupper eller klasse. Som utgangspunkt kan nyttast felles opplevingar, aktuelle hendingar, tekstar og bilete. Framføring for grupper eller heile klassen. Aktuelle oppgåver: snakke i telefon, snakke inn på lydband, intervjue, referere, halde foredrag, ta del i diskusjon, dialog, fortelje med støtte i notat eller illustrasjonar.
Skann 123 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 121». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/123/