SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 118 skann 120

118 c) Ordlaging Avleidde verb (bårrat: båradit, bårahit, bårastit, bårahallat, bårastuvvat, båradisgoattit). Avleidde substantiv (åd'dejubmi, soabahus, sturrudat, oappahæbmi, råkkisvuotta, gii'tåmus, såbmelas, månåhuos) Avleidde adjektiv (agålas, gii'tevas, bastehæbme, jæg'gåi) . d) Setningslære Setningsledd: subjekt, predikat, objekt adverbialledd Mån åz'zun åkkos gåvti juov'laskær)'kan. Setningstypar: forteljesetningar, spørjesetningar, ynskjesetningar, bydesetningar, undersetningar Ordstilling Hovudemna må ein ikkje sjå som skilde disiplinar, alt lærestoff må presenterast i meiningsfylte samanhengar. Skriftforming går inn som ein del av samiskfaget på begynnarsteget. Ved overgang frå planen for Norsk som framandspråk til planen for Norsk m/skriftforming blir dette ansvarsområdet overført til norskfaget. For dette arbeidsområdet viser ein til eige avsnitt i planen for Morsk ml skriftforming. Oppøving i gode studievanar skal ha plass i all undervisning, men hovudansvaret har samisklæraren på begynnarsteget. Ved overgang frå planen for Norsk som framandspråk til planen for Norsk m/skriftforming blir hovudansvaret overført til norsklæraren. RETTLEIANDE ÅRSPLANAR Styrkingsår Elevane må venjast til å bli fortrulege med skolesituasjonen. Orientering i klasserommet, skolen og skolegården. Øve inn gode arbeidsordningar. Skape kontakt og tryggleik. Læraren gjer observasjonar om mognaden til elevane, ordtilfanget deira, kjennskapen deira til bokstaver 0.1. Oppfatte samanhangande tale. Tale samanhangande. Nokolunde feilfri uttale. Eit utvida ord- og omgrepstilfang. Retningar ved lesing og skriving. Kjenne att komplekse former,, bl. a. bokstavar og ord. Skilje ut detaljar i komplekse former (t.d. baccå/båccå). Lese korte setningar ved hjelp av innlærte ordbilete og lydering av to- og trelydsord (evt. også firelydsord). Rollelesing, improvisasjonar, dramatisering. Reprodusere dei setningane dei kan lese, ved hjelp av ord- og bokstavbrikker. Skrive bokstavar og kjende ordbilete. 1. klassesteget Lese setningar med ord som er enkle å lydere: a) Konsonant/vokal (læ, mus, ale, mana, jånat) b) Dobbelkonsonant (ællo, balla, åc'ci, bus'så) c) Konsonantsambindingar (ål'do, hær'gi, stål'lo) d) «Opnande» diftongar (bæna, gie6as, goaåis, ruonå) e) Lyse «lukka» diftongar (ii, maid, åi'di, hui, leimet). Stillelesing av tekst med den ovanfor nemnde vanskegraden og kontroll av innhaldsforståing. Framføringslesing med naturleg trykklegging og med god stemmebruk. Rollelesing, improvisasjonar, dramatisering. Ord- og omgrepstilfang. Skrive enkle ord og setningar ved hjelp av lydanalyse og ved å kalle fram att i minnet ordbilete. Krava held ein heile tida godt under det som krevst i lesing. Fri skriftleg framstilling med varsamt stigande krav til rettskriving. Forstå spørjeteikn og utropsteikn. 2. klassesteget Lesing: Framføringslesing. Rollelesing, improvisasjonar, dramatisering.
Skann 120 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 118». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/120/