SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 115 skann 117

115 LÆREMIDDEL 1. Plastilin, garn, kartong, fargar, lim og sakser til den førebuande skriveundervisninga. Somme elevar har behov for spesielt materiale til retnings- og rørsletrening. 2. Tavlekrit i ymse fargar, fargestiftar med god fargestyrke, kolstiftar, tjukke, mjuke blyantar, helst kanta fargeblyantar, blyantar 4-B-B. På seinare klassesteg blyantar med ulik hardleik, t.d. 2 B-B-HB-H og blyantforlengjarar. 3. Kulespisspenn og pannepenn. Desse kan brukast til prydskrift og. Pannepenn høver godt for nybegynnarar. Til lykkjeskrift treng ein kulespisspenn, til stolpeskrift ein brei kantpenn eller formpenn. Trekkpapir og radérvatn. Pennar med nylonspiss og filtspiss, penslar og fargestiftar. 4. Kladdebøker, skrivebøker og skriveark av god kvalitet. Under sjølve innlæringsarbeidet kan innleggsark med vassrette linjer og fleire linjeavstandar vere til hjelp, og frå tid til anna også innleggsark med høgreskrå og loddrette linjer. 5. Oppgåvehefte og oppgåvekort med gode skrifteksempel og framlegg til øvingar med rettleiingar for elev og lærar. Samlingar av handskriftprøver med eksempel frå ulike alderssteg og frå vaksne. 6. Kvar elev bør ha ein lausbladperm så han kan samle arbeid og skriftprøver gjennom året og frå år til år. 7. Plansjar med bokstavmodellar og tal, og lysbilete som viser detaljar i skrifta, bindingsmåtar,, ordavstand, halling o.a. Skrifthistoriske lysbiletseriar bør vere utarbeidde i fargar. I klasserom med vanlege pultsett må lærar og elev stadig syte for at uhøvelege storleikar blir bytte ut. Det bør vere fire-seks ulike høgder på bord og stolar til ein klasse. Stolen er passeleg høg når elevane i naturleg sitjestilling har begge beina støtt på golvet. Eit krumt ryggstø skal gje stønad til krossbeinet i ryggen. Når sitjestillinga er rett, vil olbogen indikere høveleg bordhøgd. VURDERING Det skriftlege arbeidet til elevane må bli vurdert, både med omsyn til orden, oppsetjing og skriftform. Vurderinga bør omfatte spesielle oppgåver og skriftprøver, men også skriving i andre fag. Orden og oppsetjing må vere med i vurderinga, like eins avsetjing av marg, oppdeling i avsnitt, overskrifter, understrekingar, rettingar av feilskrivne ord, illustrasjonar, skisser og dekorative element. Når læraren gjev rettleiing om skrifta, gjeld det alltid å finne årsaka til dårleg skrift. Kvart skoleår bør ein ta eit par skriveprøver som kan vere til hjelp for vurdering av skriftutviklinga på lengre sikt. Vurdering av skrifta kan omfatte heilskapsinntrykket og visse delmoment. Skriftstorleiken bør rette seg etter funksjon og skrive reiskap. Heilskapsinntrykket omfattar organiseringa av heile skrivefeltet og det samla inntrykket av skrivearbeidet. Skrivefarten kan målast i bokstavar pr. korte tidsintervall.
Skann 117 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 4

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 115». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/117/