SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 114 skann 116

114 andre. Her vil undervisning om korleis bokstavane og skrifta har utvikla seg gjennom tidene, vere til hjelp og gje verdfullt stoff til skriveopplæringa. Sjølv om ein må ta omsyn til det personlege tempoet hos elevane, bør ein frå 4. klassesteget av prøve å auke skrivefarten, men utan at dette fører til forsert og dårleg skrift. For tidlege krav om skrivefart og for stor skrivemengd utan avbrot og kvilepausar vil skade handskrifta. Ein god blyant kan på dei fleste klassesteg høve godt til vanleg skrivearbeid. Elevane bør oppmuntrast til å ha god orden i alle skriftlege arbeid. Dei bør lære å setje opp særskilde oppgåver på ein tiltalande måte. Når det gjeld slike arbeid, bør dei velje bokstavar og skrivereiskapar som høver til teksten som skal skrivast. Det bør setjast krav til plassering av teksten, til samspelet mellom større og mindre ope rom mellom bokstavane og mellom orda innbyrdes og til forholdet mellom tekst, illustrasjonar og dekor. 1 . Rett kroppsbruk Skriftforming og andre fag Norsklæraren har ansvaret for undervisninga i skriftforming. Men alle andre lærarar som har fag der det skal skrivast, må gjere sitt til å fremme skriftkvali teten. Når læraren skriv på tavla eller i bøkene til elevane, må han prøve å bruke ei klår, kultivert skrift. I dei tre første skoleåra bør ein bruke grunnformene. Sidan bør den personlege skrifta til læraren på skolen vere bunden av dei normene som gjeld for elevane. Formingsfaget gjev særleg god hjelp til skriveundervisninga. På begynnarsteget utfyller og stør dette faget opp under skriveopplæringa med måling, klipping og andre former for arbeid med materialar, sidan med teikneoppgåver kombinerte med tekstoppsetjing. Progresjon På grunnlag av målet for skriftforming og det som er omtala under arbeids- og lærestoff og arbeidsmåtar, kan ein skjematisk setje opp ein progresjon for faget: Klassesteg. 1.-3. 4.-6. 7.-9. 2. Avspenningsrørsler 3. Førebuande skriveundervisning 4. Grunnformer til trykkbokstavar og tal 5. Grunnformer til skrivebokstavar 6. Samanhangande skrift 7. Penn og blekk 8. Ordning og oppsetjing 9. Vurdering av skrift 10. Skrift til ulike formål 1 1 , Lese skrifta til andre 12. Skrifthistorie
Skann 116 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 7

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 114». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/116/