SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 116 skann 118

Samisk m/skriftforming MÅL Undervisninga i samisk skal ta sikte på - å utvikle evna hos elevane til å bruke lesing og styrkje leselysta, - å utvide kjennskapen deira til samisk språk og lære dei å bli glade i morsmålet sitt. morsmålet sitt i tale og skrift, - å gje elevane grunnleggjande dugleik i Undervisningssteg Undervisninga i samisk deler ein i tre steg. Begynnarsteget. Undervisninga omfattar eit eventuelt styrkingsår og i regelen dei to første ordinære skoleåra. På dette steget skal da samisk svare til den undervisninga ta sikte på å utvikle dugleik i norsk. Ved sida av å utvikle evna hos elevane til å bruke morsmålet sitt, må undervisninga ta sikte på å utvikle dugleik i slikt som kjem til nytte i den etterfølgjande opplæringa i lesing og skriftleg bruk av framandspråka, først og fremst norsk. Mellomsteget. Undervisninga omfattar i regelen årskulla 3-6. Undervisninga skal ta sikte på å halde ved like og utvide kunnskap og dugleik elevane har tileigna seg på begynnarsteget, slik at det dg blir mogeleg for dei å velje samisk som sidemål i ungdomsskolen. Også elevar som har følgt planen for Norsk m/skriftforming frå 1 . klassesteg, kan få slik undervisning. Det er ein fordel om desse elevane alt på 1. og 2. klassesteget får litt undervisning i samisk. Elevar som ikkje har fått slik undervisning, bør få særskild hjelp når dei tek til med opplæring i samisk. Det har ikkje så mykje å seie for undervisninga i samisk på dette steget om elevane har nytta styrkingsår, fordi styrkingsåret ikkje fører til at lærestoffet i samisk på begynnarsteget blir utvida. Overgangen frå planen for Norsk som framandspråk til planen for Norsk m/skriftforming meiner ein derimot kan skje tidlegare når styrkingsår blir nytta. På dette steget vil norsk gå over til å vere elevane sitt hovudspråk i undervisninga. Ungdomssteget Undervisninga på ungdomssteget skal gje elevar som vel samisk som sidemål, kvalifikasjonar i morsmålet som svarar til dei kvalifikasjonane norsktalande elevar får i norsk sidemål. Elevar som vel norsk både som hovudmål og sidemål, må også få høve til å utvide dei samiskkunnskapane dei har tileigna seg på begynnarsteget og mellomsteget, i tråd med målsetjinga for faget. LÆRESTOFF Samiskopplæringa kan delast i hovudemna og delemna nedanfor. 1. Lytte og sjå Ta mot informasjon. Vurdere informasjon.
Skann 118 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 116». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/118/