SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 110 skann 112

110 norsklæraren ha eit nært samarbeid med læraren i desse faga. Om ein nyttar dei høve som finst, kan det leggjast opp årsplanar med fullstendig samordning av norsk og fleire andre fag. På grunnlag av opplysningar frå faglærarane kan norsklæraren lage eit arbeidsprogram og finne stoff og oppgåver som stør undervisninga i t.d. samfunns- og naturfaga. Faste klasselærarmøte vil vere til stor hjelp. Læraren i orienteringsfag og læraren i norsk kan gje oppgåver i fellesskap. Norsklæraren kan hjelpe elevane med arbeidsforma og med oppbygging av oppgåva, medan læraren i orienteringsfag kan hjelpe til med å skaffe fagstoff. Gjennomgåinga av resultata kan falle i ein språkleg og ein fagleg del. Også med musikklæraren og formingslæraren bør norsklæraren ha nært samarbeid . Norsklæraren kan i norsktimane gjennomgå teksten til songar som blir innøvde i musikktimane, og i formingstimane kan elevane illustrere tekstar som ein les i norsktimane. Samarbeid med lærarar i heimkunnskap/ familiekunnskap vil dg vere naturleg. og behov hos elevane. Variert bokutval med tilmåta vekt på opplevingslesing, informasjonslesing, utfyllande lesing og oppslagsbøker. Hjelpebøker og oppgåvesamlingar bør vere sjølvinstruerande og sjølvkontrollerande. 6. Skolebiblioteket. Rikeleg utval av barneog ungdomsbøker, bøker for vaksne, skodespel, lyrikksamlingar, antologiar med utdrag av norsk og utanlandsk litteratur, noveller og eventyr, og dessutan biletmateriell og emnehefte til informasjonslesing. Variert litteratur på sidemålet og på svensk og dansk. Tilstrekkeleg mange eksemplar og i ein del tilfelle klassesett. 7. Tekstar på plate og band. Ein del av dei svenske og danske tekstane elevane les, bør helst vere innlesne på band av menneske som har språket til morsmål. 8. Kvar elev skal ha ordliste (frå 8. klassesteget for sidemålet og), språklære, oppgåvesamlingar og hjelpebok i studieteknikk. LÆREMIDDEL 1. Variert øvingsmateriell til den grunnleggjande opplæringa, slikt som utval av papir og kartong, kvitt og farga, fargestiftar, penslar, måling og lim, leire, plastilin, pappmasjé, stoff-filler og sakser, pedagogiske leggjespel og lesespel, som bør vere sjølvkontrollerande, bokstavbrikker, flanelltavlemateriell, sandkasse. 2. Ei bok barna kan arbeide seg glade i frå første dagen på skolen. Boka skal ikkje krevje kunnskap om bokstavar eller tal. Men ho må ha systematiske øvingar for å utvikle retningssansen og koordinasjon auge/ hand, øvingar med likskap /ulikskap 0.1. 3. Hefte til innøving av elementær leseteknikk. Dei treng ikkje ha illustrasjonar i samband med øvingane, men kan heller ha blanke sider som elevane sjølv kan teikne på. 4. Systematisk oppbygde hefte til bruk i leseopplæringa. Sjølvinstruerande og helst sjølvkontrollerande arbeidsoppgåver i tilknyting til tekstane. Det bør finnast ulike hefte som tek opp same emna, men som set ulike krav til lesedugleik og språklege føresetnader. 5. Klassebibliotek i alle klasserom. Ein vel ut bøkene og byter dei om etter interesser VURDERING Ved vurderinga skal ein følgje dei retningslinjene som er gjevne i kapitlet Vurdering i den generelle delen av mønsterplanen. Vurderinga tek utgangspunkt i skolen si generelle målsetjing, faget si spesielle målsetjing og eleven sine føresetnader på fagområdet, og ein må ta omsyn til dei undervisningsmetodane og arbeidsformene som er nytta. Ved vurdering av eleven si arbeidsevne i eit fag må ein ta omsyn til eleven sitt kjennskap til og dugleik i å utnytte faget sine hjelpemiddel, evne til sjølvstendig arbeid og til arbeid i grupper. Det er ikkje nok at læraren vurderer elevane sin arbeidsmåte og resultata av arbeidet deira, like viktig er det at elevane far øving i sjølv å vurdere. Den einskilde eleven sitt arbeid må vurderast med jamne mellomrom, både for å stimulere interessa for faget og for å gje rettleiing for vidare arbeid. Eit avslutta arbeid må vurderast snarast mogeleg. Innlæring av kunnskap og dugleik er eit viktig område av norskfaget, og vurderinga (vil naturleg nok bli merkt av det. Men undervisninga i norsk skal dg ta sikte på å utvikle interesser og å gjere elevane meir mogne og sjølvstendige. Det er derfor om å gjere å unngå at berre visse sider av arbeidet med faget blir vurderte. Både den daglege vurderinga og den meir formelle vurderinga bør gjelde resultat og framgang på så mange
Skann 112 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 2

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 110». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/112/