SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 109 skann 111

109 5. Språklære Q) I Undervisninga i språklære skal stø opp under og utvikle språkforståinga og språk) bruken til elevane. Språklæra skal omfatte vanlege grammatiske emne som analyse, ordklassar, setningslære, rettskriving, teikn- setjing, ordlære og hovuddrag i norsk språkutvikling. fc\ Ein viktig del av undervisninga i språk_-/ lære er arbeidet med å gje elevane større ordkunnskap og ordforråd. Arbeidet med språklæra skal knytast så nært som mogeleg til arbeidet med språket. 3) ) Kunnskapen skal skape større forståing av språket og vere til hjelp for oppøving av rett språkbruk. Ein bør derfor arbeide med språklæra i naturleg tilknyting til det tala og skrivne ord som elevane til kvar tid held på med, og i samsvar med nivået og framgangen til kvar einskild elev. r?\ På dei lågaste klassestega får elevane øve \y opp språkøyre og språksans ved å høyre på språket, ved å lese og tale det og ved å bruke det i fri skriving. Sidan må språkbruken underordne seg meir dei formelle språkreglane. På dei høgare klassestega må ein i arbeidet med språklæra meir medvite prøve å lære elevane å bruke det tala og skrivne /jN språket sakleg og rett. Ein må derfor og ta \_J sikte på å øve opp evna til logisk tenking, slik at elevane kan forme sine tankar klårt og enkelt. Undervisninga i språklære må delvis ta sikte på å stø framandspråkopplæringa. Men det som må vere avgjerande for både omfang og emneval, er at undervisninga først f^T\ og fremst skal styrkje evna til å bruke mors—' målet. 6. Sidemålet Sidemålsopplæringa skal gje elevane kjennskap til dei tale- og skriftnormer som blir brukte av andre landsmenn. Folk flytter i våre dagar, og dette aukar kontakten med personar som talar andre dialektar. Det er og viktig å styrkje dei banda som knyter by til land, og som bind landsdelane saman. Dei fleste har slektningar som talar andre dialektar. Kan skolen hjelpe til å gjere elevane kjende med andre språklege uttrykksformer, vil dette kunne skape større respekt for dei som talar annleis enn elevane sjølv. ■Grunnlaget er det munnlege språket, slik elevane møter det hos seg sjølv, i sitt nærmaste miljø og i radio og fjernsyn. Mange har vore ute og reist, eller har slektningar frå andre kantar av landet. Ofte talar læraren eller nokon av elevane ein annan dialekt enn den som blir brukt på staden. Læraren må nytte ut desse situasjonane slik at elevane far utvida ordforrådet og større språkleg toleranse. Ein må ikkje krevje at elevane skal lese tekstar på sidemålet før ordbileta har festa seg i hovudmålet. Men læraren må tidleg lese høgt for dei rim og regler, små vers, enkle forteljingar og barnebøker på sidemålet. Slikt appellerande stoff må ha sin plass i lesehefta og i klassebiblioteket. Elevane vil sjølv finne fram til det etter kvart som dei blir flinkare til å lese. Elevane bør lære enkle vers, salmar og songar på sidemålet. Sendingar på sidemålet i skolekringkasting og fjernsyn bør utnyttast. Det er viktig at ein vel ut lesestoffet slik at det verkeleg appellerer til elevane. Dei to siste åra i grunnskolen kan elevane velje å lese somme lærebøker på sidemålet. Alt frå 4. klassesteget og oppover må elevane få ei enkel og sakleg innføring i norsk språkhistorie. Dette kan skje i tilknyting til samfunnsfag og elles når det er høve til det. På ungdomssteget bør ein kunne ta opp problema med stilblanding. Med utgangspunkt i det elevane har lese og høyrt på sidemålet, kan dei etter kvart prøve å lage små fristilar eller gje att hovudinnhaldet av ei forteljing. I sidemålet bør ein til vanleg halde seg til hovudreglane og vere varsam med å føre inn unntaksreglar. Men ein må vere merksam på at for ein del elevar kan det vere naturleg å bruke sideformer. Valfrie former bør veljast i tilknyting til talespråket på staden. Læraren må ta omsyn til dei elevane som har store vanskar med hovudmålet, men dei og kan ha nytte av å vere med. Det er viktig med sterk individualisering av arbeidet med sidemålet. Dei skriftlege oppgåvene må rette seg etter nivået til elevane, slik at dei kan arbeide i eit tempo som høver for kvar einskild. Norsk og andre fag I heile grunnskolen bør det vere nær samanheng mellom norsk og andre fag. I norsk vil ein naturleg hente emne til taleopplæringa, leseopplæringa og den skriftlege opplæringa frå andre fagområde. Norsklæraren må nytte ut særinteresser og fagleg engasjement hos elevane. På dei lågaste klassestega bør bl. a. heimstadlære, kristendomskunnskap og norsk vere nært knytte til kvarandre. Til vanleg vil ikkje dette by på særlege problem, da klassestyraren underviser i alle fag. På høgare steg vil det vere ein stor føremon om klassen har same lærar i norsk og samfunnsfag og gjerne i naturfag og. I alle fall må I
Skann 111 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 7

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 109». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/111/