SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 111 skann 113

111 felt som mogeleg, såleis leseevne, oppfatningsevne, evne til å fortelje, skildre, vurdere og resonnere, evne til skriftleg framstelling av hendingar, opplevingar og eigne tankar. Vurderinga må også omfatte kunnskapar i norsk, t.d. i språklære, rettskriving, teiknsetjing og setningsbygnad, og kjennskap til sidemålet. Likeins må ein vurdere kjennskapen til norsk litteratur. Opp gjennom skoleåra vil vektlegginga på dei ulike område variere. Krava om formell språkdugleik må ikkje vere for strenge på barnesteget. Men gjennom heile skoletida er innøving av dugleik på ei rekkje område ei sentral oppgåve i norskundervisninga. Forutan den vurderinga som læraren gjer dagleg, og som byggjer på observasjon av dei arbeidsoppgåvene elevane utfører som eit naturleg ledd i undervisninga, kan det stundom vere naudsynt å lage felles prøver. Det kan vere prøver der ein ynskjer å måle kunnskap og dugleik på visse område, t.d. leseprøver, rettskrivingsprøv^r og prøver som måler evna til å bruke språket munnleg og skriftleg. Slike prøver kan læraren i mange tilfelle lage sjølv. Også prøver som er ferdig utarbeidde og eventuelt normerte, kan vere eit godt hjelpemiddel for læraren. Slike prøver kan vise klassenivået i høve til ei landsnorm, og kan derfor vere til hjelp når ein skal vurdere undervisningsopplegget i ein klasse. I norsk er det særleg viktig at vurderinga er rådgjevande. Skal ho kunne vere det, må ho ta omsyn til individuelle føresetnader. Ikkje minst når det er spørsmål om å finne fram til elevar med spesielle lese- og skrivevanskar, er vurdering ut frå slike synspunkt svært viktig. Når ein undersøkjer slike elevar, bør ein bruke diagnostiske prøver, sjølv om ei vanleg lese- og diktatprøve og kan fortelje noko om årsakene til dei vanskane elevane har.
Skann 113 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 111». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/113/