SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 108 skann 110

108 frå emneområdet som er så metta med innhald at dei set tankane i sving. Ein skriv orda på tavla, elevane kjem med sine assosiasjonar, og ein samtalar om dei. På denne måten prøver ein å skape eit behov for å skrive. Gruppestilar. Dialog- og intervjustil. Skriftleg dramatisering. Attforteljing i tilknyting til eit stoff eleven arbeider med. Fristil. Øvingar med sikte på å utvide ordforrådet. Referat bl. a. frå radio- og fjernsynsprogram. Utdrag av tekst med ordavgrensing. Debattinnlegg. Sakleg utgreiing. Personlege brev, dagbok, reisedagbok. Øvingar med praktisk sikte : korrespondanse, søknader, fullmakter, utfylling av vanlege blankettar 0.1. God skriftleg framstelling skal vere ekte og klår og merkt av fantasi og originalitet. Det krevst god disposisjon, korrekt ortografi og teiknsetjing. Rettskriving. Undervisninga i rettskriving har som mål at elevane lærer å skrive deWanlegaste ■ orda rett. Særleg bør ein leggje vekt på at elevane meistrar sitt eige aktive ordforråd best mogeleg. Kravet om at elevane skal skrive orda rett, må ikkje vere for absolutt. Øving i rettskriving bør ikkje på noko klassesteg utgjere den største delen av opplæringa i skriftleg norsk. Rettskriving lærer ein under arbeidet med dei skriftlege oppgåvene. Ved å bruke språket vil elevane etter kvart bli i stand til å finne og systejnatisere ein del av dei reglane som trengst. Det er viktig at dei får hjelp og rettleiing under arbeidet. Mange elevar vil likevel ha behov for systematiske øvingar for å fjerne dei mest synberre rettskrivingsfeil. Desse øvingane og innlæringa elles må vere så varierte som mogeleg. Lydrette ord lærer ,ein blant anna ved lydanalyse, slik at eleven oppfattar dei enkelte lydane som ordet er sett saman av. Ein tydeleg uttale og trening i å høyre språklydane er derfor eit godt grunnlag for innøving av rettskriving. Det er vidare ei hjelp i rettskrivinga at ordet blir analysert med tanke på kva det kjem av, korleis det blir bøygd, og at det blir samanlikna med ord i same familie. For ein stor del lærer ein rettskriving ved å innprente synsbilete av orda. Dette gjeld både ord med lydrett skrivemåte og ord med ikkje lydrett skrivemåte. Særleg når det gjeld den siste typen, er det naudsynt å leggje vekta på innprenting av synsbiletet av ordet. Også ved innlæringa av slike ord har kunnskap om ordet mykje å seie for rettskrivinga. Det er nyttig at elevane får ta i bruk så mange sansar som mogeleg under innlæringa. Elevane må fa øving i å lyde seg fram til lydteikn, dei skal artikulere lydane og orda, og dei skal få høve til å feste synsbiletet av orda. Når elevane skriv og formar orda, tek dei og i bruk sansar som kan lette innlæringa. Det er grunn til å leggje merke til dei store individuelle skilnadene når det gjeld rettskriving. Somme elevar lærer å skrive rett lett og utan medviten tanke på reglar og system. Andre elevar har store vanskar med å skrive rett trass i grundig undervisning. Problema kan vere av ymse slag. I dei fleste tilfelle må ein rekne med fleire samverkande årsaker til skrivevanskane. Når elevar har tydelege vanskar med rettskrivinga, bør ein på eit tidleg stadium prøve å finne ut om problema kjem av svikt på spesielle område. Først når årsaksforholdet er klarlagt, kan elevane få den hjelp dei treng. Elevane må på eit tidleg tidspunkt lærast til å bruke ordliste slik at dei kan fa snøgg og effektiv hjelp av den. Ordlista bør bli eit naturleg hjelpemiddel når ein elev er usikker på skrivemåten av eit ord. Retting. Når ein skal rette skriftlege arbeid, må ein ta omsyn til alder og nivå hos elevane. På dei lågaste klassestega skal ein vere varsam med å rette frie skriftlege arbeid. Dei formelle krava aukar opp gjennom klassestega, men kravet om rett skrivemåte må ikkje på noko steg få øydeleggje skrivegleda. Ofte får ein eit godt resultat om rettinga skjer i samarbeid mellom elev og lærar. Viktig er det og at elevane ven seg til sjølv å kontrollere og rette sine eigne skriftlege arbeid. Når eit skriftleg arbeid er gjennomgått og retta, vil det ofte vere unødvendig å føre det inn. I mange tilfelle vil eleven ha meir nytte av å gå i gang med ei ny oppgåve. Diagnostiserande prøver kan hjelpe læraren til å få kjennskap til kvar elevane står, og til eventuelle spesielle vanskar. Resultatet av slike prøver kan vere rettesnor for det vidare arbeidet med norskfaget og i opplegget for kvar einskild elev. Så langt det er mogeleg, bør læraren ha ei diagnostiserande innstilling til alt rettingsarbeid.
Skann 110 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 3

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 108». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/110/