SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 107 skann 109

107 verk, bør dei få vite kva som har hendt før det utdraget dei blir presenterte for, og korleis historia endar, slik at det heile blir sett inn i ein samanheng. Litteraturhistoriske opplysningar gjev ein når læraren finn det naturleg, eller når elevane viser spesiell interesse. Elevane bør ha tilgjenge til variert litteraturhistorisk stoff i klasserommet, slik at dei som ynskjer det, lett kan finne dei opplysningar dei treng. Når lesinga skal vere grunnlag for arbeidsoppgåver, bør lærar og elev mest mogeleg i fellesskap komme fram til dei spørsmål og oppgåver som ein bør ta opp i samband med eit emne, eit dikt, ein roman e.l. Men til dels må læraren i førevegen ha gjort ferdig eit sett med oppgåver. I alle tilfelle må ein leggje stor vekt på å finne spørsmål og oppgåver som er sterkt varierte, nokon må setje svært små krav til evner og til energi, og andre må gå tilsvarande langt i motsett lei. Oppgåvene kan vere å gje referat, lage spørsmål, finne opplysningar i oppslagsverk, finne ordforklaringar, gje ein karakteristikk av personar, vurdere ei sak, diskutere eit problem, dramatisere eit stoff osv. 4. Skriftleg bruk av språket Skriftleg opplæring kan ein ikkje sjå på isolert, men som ein del av heile morsmålsopplæringa. Evne til å bruke morsmålet munnleg er eit vilkår for å kunne uttrykkje tankar og opplevingar i skriftleg form. I den skriftlege opplæringa må ein ikkje i byrjinga setje så strenge formelle krav at elevane får inntrykk av at rettskriving og teiknsetjing er det viktigaste ved skriftleg framstelling. Det er derfor om å gjere å understreke at det skapande elementet er grunnleggjande og må stimulerast på alle utviklingssteg. Dersom elevane alt i dei første skoleåra får røyne at det er morosamt å fortelje om det dei har opplevd, også i skriftleg form, vil dei truleg få ei mykje meir positiv holdning til seinare å ta fatt på den formelle sida ved opplæringa. Det må bli ei viktig oppgåve for læraren å syte for at barnefantasien får rike impulsar og høve til å uttrykkje seg. Fri skriftleg framstelling. Fri skriftleg framstelling har først og fremst til formål å stimulere skapargleda og utvikle evna til å gje skriftleg uttrykk for dei tankar og idear ein har. Særleg gjeld dette dei første skoleåra. Men på alle klassesteg bør elevane oppmuntrast til og få høve til å bruke fri skriftleg framstelling. Opplæringa må først og fremst sikte mot å utvikle evna til elementær skriftleg framstelling med tanke på behova i kvardagen. Elevane må få øving i å bruke språket når det er behov for å gje meldingar eller saklege orienteringar og utgreiingar. Denne forma for skriving må i sterkare grad enn anna skriving underordne seg reglar for språk og ortografi. Ein må likevel ikkje gløyme at det formelle berre er ein del av skriftleg framstelling. Etter kvart må krava til rettskriving og korrekt språkbruk få større vekt for alle former for skriftleg framstelling, men dei formelle krava må ikkje øydeleggje skrivegleda til elevane. Ved val av skriftlege oppgåver bør læraren ta omsyn til individuelle skilnader hos elevane. Ut frå sine føresetnader skal dei øvast opp til å gje uttrykk for tankar, opplevingar og røynsler. Somme elevar har ein rik fantasi og stor evne til å uttrykkje seg, medan andre ikkje ser ut til å ha noko å skrive om. For somme kan det vere til hjelp å drive med momentskildringar i skisseform. Elevane fortel først om dei assosiasjonar dei får i samband med heilt avgrensa opplevingar, t.d. skoleklokka ringjer, sykkelen punkterer 0.1. Etter at slike moment er vortne aktualiserte i samtaleform, får elevane i oppgåve å skrive detaljert om dei. Da formålet med denne forma for skriftleg framstelling er å frigjere evna til å uttrykkje seg skriftleg, må formelle krav komme heilt i bakgrunnen. Men etter kvart må ein setje større krav til presisjon, tankeinnhald, sakleg framstelling og rettskriving. Dei skriftlege arbeida må ikkje på noko klassesteg vere avgrensa til lausrivne, ferdig formulerte stiloppgåver. I tillegg til vanlege stilar kan slike oppgåver og øvingar vere verdfulle : Varierte oppgåver henta frå emne- eller interesseområde. Utgreiingar og detaljskildringar med sakkunnskap som bakgrunnsstoff. Forteljingar med stoff frå fantasien og frå det verkelege livet. Oppgåver i tilknyting til bilete. Situasjonsstilar. Elevane blir sette inn i ein viss situasjon ved at læraren fortel eller les opp noko som fengslar. Når interessa er vekt, får elevane i oppgåve å skrive vidare ut frå situasjonen. Innføring i situasjonsstil kan elevane få i skriftleg form og. Av omsyn til dei elevane som har liten fantasi, vil det ofte vere nyttig å samtale om situasjonen. Dei svakare elevane kan slik få mange idear frå medelevane. Ordstilar. Etter at elevane har arbeidd med eit emne, kan læraren plukke ut nokre ord
Skann 109 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 9

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 107». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/109/