SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 106 skann 108

106 ! fe L vil denne sida av leseopplæringa vere eit viktig korrektiv til den meir nytteprega studielesinga. Hos ein del elevar stansar leseutviklinga slik at dei ikkje les stort snøggare enn vanleg talefart, dvs. ca. 120-150 ord pr. minutt. Med betre leseteknikk er det råd å utvikle både lesefarten og leseforståinga monaleg. Snøgglesing bruker ein og under repetisjon, ved fritidslesing og som førebuing til studielesing. Litteratur. Det er ein viktig del av morsmålsundervisninga å gje elevane innføring i verdfull litteratur. Gjennom litteraturen skal elevane fa_ kjennskap~,til arbeids- og samfunnsliv, kunst j)g_Jcultur i_fprticf og_jiQiid. Både sakprosa og dikting skal elevane møte i skolen. Til informasjonslesing nyttar ein tidsskrift, dags- og vekepresse, leksika og andre oppslagsbøker og ulike emnehefte. Ein bør og dra inn lyd- og biletmateriale. Diktinga står i ei særstilling innanfor den litteraturen som elevane skal lese. Denne delen av litteraturundervisninga skal ta sikte på å utvikle evna_dl^å_orjpjatte Qg-oppleve estetiske og etiske verdiar stemningar, miljø og^xnenrieske. ~~ Det viktigaste ved litteraturundervisninga må likevel vere å la elevane få velje stoff som kan skape leseinteresse og leseglede. Hovudvekta må liggje på oppleving av litteraturen; kunnskap og dugleik må komme i andre rekkja. I mange høve er det rett nok naudsynt med kunnskap av ymse slag for å få full glede av eit diktverk. Det kan vere litteraturhistorisk kunnskap eller kunnskap om den tida, det landet, det emnet e.l. som er bakgrunn for diktverket. Det kan såleis vere naudsynt at læraren gjev - eller hjelper elevane til sjølv å skaffe seg - ei førehandsorientering. Men ofte er det like mykje om å gjere at elevane møter eit diktverk med spenning og naturleg nyfikne. Særleg når det gjeld oppleving av lyrikk, har stemninga i klassen svært mykje å seie. Det innleiande arbeidet med eit skjønnlitterært stoff kan vere forteljing, eventuelt forklaring og orientering, av læraren eller andre, det kan vere opplesing, filmframvising, samtale, diskusjon i klassen i samband med ei aktuell hending 0.1. Siktemålet må vere å gjere elevane interesserte og mottakelege for det stoffet gjeld. Om eit diktverk bør lesast stille eller høgt — og av kven — må rette seg etter korleis verket er. Høgtlesing bør ein alltid førebu seg til. Dersom det kan skaffast gode innspelingar, bør dei brukast. I alle tilfelle bør ein skifte mellom høgtlesing og stillelesing og mellom lesing på skolen og heime. Dersom det er mogeleg, bør det å gå i teater vere ein del av arbeidet med skjønnlitteraturen. I direkte tilknyting til lesinga vil elevane ofte ha behov for spontan samtale og ordskifte. At dei slik får høve til å dele sine umiddelbare inntrykk med andre, kan ha mykje å seie for arbeidet vidare med stoffet. Stundom kan det vere naturleg for elevane å gje uttrykk for det dei opplever i improvisert dramatisering. Det første møtet med litteraturen bør skje i biletbøker og ved forteljing og opplesing. Når elevane tek til å lese sjølv, må litteraturopplæringa vere slik at ho gjev rettleiing og stimulerer til vidare lesing. Heilt frå første skoleåret bør læraren oppmuntre elevane til å lese på eiga hand. Han må prøve å få elevane til å forstå verdien av god fritidslesnad. Det kan og vere nyttig å lage ei litteraturliste som elevar og føresette kan få. Noko av arbeidet med det skjønnlitterære stoffet bør skje i samla klasse, men ein bør forholdsvis tidleg individualisere dette arbeidet og. Det er alltid stor skilnad på elevane i ein klasse når det gjeld interesser og mognad. Gruppevis og kvar for seg må derfor elevane fa arbeide med ulike utval av litteratur. Det er ikkje minst viktig at dei best utrusta får ei slik hjelp og utfordring at lesinga svarar til dei føresetnader dei har. Det kan komme heile klassen til gode at elevane vel ulik litteratur. Når det høver, kan dei halde foredrag i klassen, dramatisere stoff dei har lese, lage spesielle program i samband med det 0.1. Elevane må få lese norsk og utanlandsk litteratur, men den norske bør vere den viktigaste. Dei må få lese £oesi og prosa på hovudmålet og sidemålet. Dei må få møte noveller, romanar og skodespel, barne- og ungdomsbøker og bøker for yaksne. Klassen må ha til disposisjon eit stort og variert utval av litteratur, slik at kvar einskild elev kan finne tekstar som høver til dei føresetnader han eller ho har. Elevar som er mogne for det, bør fa eit allsidig kjennskap til litteraturen. Elevane må da få velje bøker frå ulike epokar og frå ulike litterære retningar. Dei bør fa møte utvalde verk både frå den klassiske litteraturen og frå litteraturen i samtida. Elevar på alle klassesteg bør få lese heile verk. Forteljingar, noveller og eventyr bør få brei plass, men elevane må og få lese heile bøker. Dersom dei skal lese utdrag av større
Skann 108 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 12

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 106». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/108/