SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 105 skann 107

105 skriving. Samanblanding av bokstavar og ord gjeld særskilt dei små typane. Derfor må ein arbeide spesielt med dei og innprente dei grundig både når det gjeld lyd og form. Å meistre samanbinding og samtidig finne meining i ein tekst kan vere ei stor påkjenning på det tidlege lesestadiet. Elevane bør derfor fa mykje trening i samanbinding som lyd- og lytteleik. Den første leseundervisninga skal gje tryggleik i eit aksepterande miljø, der alle prestasjonsnivå blir godtekne, og der mistak ikkje blir framheva. Konkurransar og samanlikningar elevane imellom må ein unngå. Svært tankespreidde og urolege elevar bør fa ein arbeidsplass som er verna mot forstyrrande inntrykk. Barn med sein språkutvikling, lite ordforråd og dårleg uttale, bør fa spesielle treningstimar i tillegg til vanleg undervisning. Leseundervisninga vidare. Gjennom heile grunnskolen bør ein i leseundervisninga leggje stor vekt på bl. a. desse sidene ved lesinga: Leseforståing. Med leseforståing meiner ein evna til å gripe hovudtanken i ein lesen tekst, til å dra slutningar og merke seg døme og detaljar og til å vurdere det lesne. Å observere detaljar i ein tekst er den delen av innhaldsoppfatninga som fell lettast. I førstninga bør læraren gje få og heller lette detaljoppgåver, og så auke mengd og vanskegrad etter kvart som lesedugleiken blir større. Lesefart. Lesefart er i seg sjølv ikkje noko kriterium på stor lesedugleik. Eit kjennemerke for ein flink lesar er at han regulerer farten etter stoffet og formålet med lesinga. Farten er ei side av lesedugleiken der det er mogeleg å gjere store framsteg med planfast øving. Med visse mellomrom bør læraren gje leseprøver som måler forståing og fart. Ordforråd og ordkunnskap. Ei effektiv leseopplæring må alltid ha som eit viktig mål å utvide og aktivisere ordforrådet til elevane. Dersom elevane støyter på ord dei ikkje forstår, vil det gå ut over både leseforståing og lesefart. Elevane må derfor stimulerast til sjølv å gjere seg kjende med nye ord og uttrykk. Kunnskap om bruk av bøker. Dersom elevane skal kunne arbeide sjølvstendig, må dei tidleg lære å nytte bøker som kjelde til informasjon og oppleving. Elevane må få øving i å bruke dei hjelperåder som finst i bøkene, bl. a. forord, innhaldslister og register, tabellar og illustrasjonar, ordlister og samandrag. Stillelesing og høgtlesing. Elevane må få øving i både stillelesing og høgtlesing og få hjelp til å bli klar over at kvar av dei to leseformene har sin eigen teknikk. Høgtlesing: På det første lese-innlæringsstadiet nyttar ein kontrollhøyring av innøvd tekst. Skjønnlesing av lyrikk og prosatekstar bør byggje på estetisk oppleving. Ein må leggje vekt på oppøving av tale, røyst og intonasjon. Skjønnlesing nyttar ein ved framføringar og dramatisk verksemd. Høgtlesing bør ein ha både i samla klasse og i grupper. Elevane må få oppleve gleda ved at dei les for kvarandre og høyrer på utan at dei sjølv skal følgje med i same boka. Studielesing med samtale og forklaring av vanskelege ord og vanskelege tekstar kan ein ha i samla klasse eller i grupper. Slik høgtlesing set store krav til lesedugleiken. Læraren bør derfor syte for at særleg svakare elevar alltid får høve til å førebu høgtlesinga ved først å lese stille igjennom stoffet. Stillelesing: Dei aller fleste menneske får mest bruk for å tileigne seg kunnskap og opplevingar ved å lese stille. Ein kan tale om fleire ulike stillelesingsteknikkar, alt etter korleis stoffet er og formålet med lesinga. Studielesing - informasjons lesing vil seie aktiv læring gjennom lesing. Vi skil mellom to typar : Skumlesing er den raskaste forma for studielesing. Lokaliseringslesing bruker ein når ein vil finne ei bestemt opplysning i ein tekst, det kan vere eit tal, eit namn e.l. Oversiktslesing bruker ein når ein snøgt vil ha tak i innhaldet i eit stykke for å sjå kva det gjeld. Når ein skal slå opp i leksika og andre oppslagsbøker, har ein gjerne bruk for begge desse formene for skumlesing. Djuplesing er den studie-lesemåten som tek mest tid. Ein les seint og grundig for å forstå og hugse innhaldet og kanskje gjere greie for det skriftleg eller munnleg. Når ein skal løyse oppgåver, bl. a. i matematikk, er det naturleg at elevane lærer seg å bruke denne leseteknikken, likeins ved øving i kritisk lesing. Opplevings lesing tek omsyn til kjenslene og den estetiske sida av leseopplæringa. Ved eit rikeleg tilbod av morskapsbøker, etter kvart med aukande vekt på kvalitetslitteratur,
Skann 107 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 7

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 105». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/107/