Læremiddel
Læremiddel omfattar tekstar, lyd og bilete, IT-relaterte læremiddel
og lærebøker som er produserte for å ta seg av bestemte opplæringsmål.
Det kan og vere materiell som opphavleg har andre formål, som
til dømes avisartiklar, spelefilmar eller skjønnlitteratur.
Skodespelaren
Charlie Chaplin.
Foto
Læremidla skal vere motiverande og aktiviserande og medverke
til at elevane utviklar gode arbeidsvanar. Dei skal vere til hjelp i
sjølvstendig arbeid og i samvirke mellom elevane. Læremidla skal ta
omsyn til variert og tilrettelagd opplæring og må veljast ut frå det.
Elevar med særlege behov treng læremiddel som tek omsyn til føresetnadene
deira.
Skulebibliotek
Skulebiblioteket skal ha ein sentral plass i opplæringa og tene som
senter for kulturell verksemd, for informasjon og materiell. Det skal
stimulere til eigeninnsats og fremje gode arbeidsvanar. Skulebiblioteket
skal fremje leseglede, stimulere til fritidslesing og fagleg fordjuping,
og vere ein stad der elevane aktivt kan lære å søkje informasjon
gjennom ulike kjelder.
Informasjonsteknologi
Opplæringa skal medverke til at elevane utviklar kunnskap om, innsikt
i og holdningar til utviklinga av informasjonssamfunnet og informasjonsteknologien.
Elevane bør utvikle evne til å kunne nytte
elektroniske hjelpemiddel og medium kritisk og konstruktivt og som
SIDE 78 PRINSIPP OG RETNINGSLINJERSkann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 78». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/80/