elevane sjå samanhengar mellom praksis og teori og mellom handling
og kunnskap. I opplæringa skal elevane planleggje, organisere
og gjennomføre praktiske arbeidsoppgåver.
Sjølvstendig arbeid og fordjuping
Opplæringa skal gi rom for sjølvstendig arbeid og fordjuping i fag,
kunnskapsområde, tema og prosjekt. Ein skal leggje vekt på at elevane
får innføring i studieteknikk og at dei tileignar seg gode arbeidsvanar
som grunnlag for sjølvstendig arbeid, samarbeid og fordjuping.
Det skal hjelpe elevane til å finne fram til og kritisk vurdere informasjon
frå ulike kjelder.
Prosjektarbeid
Prosjektarbeid er ei arbeidsform der elevane med utgangspunkt i eit
problemområde, ei problemstilling eller ei aktuell oppgåve definerer
og gjennomfører eit målretta arbeid frå idé til ferdig produkt,
konkret resultat eller praktisk løysing. Kravet om ferdig produkt,
konkret resultat eller praktisk løysing skal gjere sitt til at røynsler,
opplevingar og kunnskapar blir formidla og presenterte for andre.
Planlegging, gjennomføring og vurdering av prosjektarbeidet
skal gå føre seg i nært samarbeid mellom elevar og lærarar. Lærarane
har ei viktig rolle som rettleiarar og rådgivarar.
Prosjektarbeid kan gjennomførast både innanfor og på tvers av
fag og knytast til lokale val og konkretiseringar. Breidda i problemområdet
kan variere. Den aukande faginndelinga gjennom skuleløpet
stiller sterkare krav om samarbeid mellom lærarane. Prosjektarbeidet
må tilpassast alderen, interessene og føresetnadene til elevane.
Siste året i grunnskulen skal dei gjennomføre ei prosjektoppgåve
som skal vurderast skriftleg.
SIDE 77 PRINSIPP OG RETNINGSLINJER
Marianne Heske: Ras
1993. Videomåleri
på sandblåste
aluminiumsplater
og 1001 krystalldokkehovudSkann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 77». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/79/