)pplærir
arbeidsmåtar
passa
76
vanasion
ta omsyn til
Skapande verksemd og kreative uttrykksformer
I opplæringa skal ein leggje stor vekt på kreative uttrykksformer,
opplevingar og refleksjon. Dette skal knytast til arbeidet med fag, i
tema- og prosjektarbeid.
Drama som fagområde og metode er ein del av innhaldet og
arbeidsmåtane i fleire fag. Skapande verksemd, opplevingar og kreative
uttrykksformer skal lyftast fram i opplæringa.
Liv Blåvarp: Fisker,
1991. Halsklave i beisa
bjørk
Leik
Leik er fantasi, utprøving, samhandling og eit naturleg grunnlag for
fysiske, sosiale og intellektuelle utfordringar. Leiken gir røynsle i å meistre
oppgåver og utfordringar til å ta ansvar for seg sjølv og andre.
Leik er aktivitet ut frå eiga lyst og ei viktig kjelde til læring, spesielt
i dei første skuleåra. Gjennom leik utviklar barna språk, omgrep
og kommunikativ kompetanse, får øving i kroppsmeistring og motorisk
dugleik, praktisering av samarbeid, trening i å lære og å følgje
reglar og å prøve ut i fantasien det ein skal gjere i røynda. Leikprega
tilnærming til organiserte oppgåver og aktivitetar kan skape motivasjon
og interesse og gjere opplæringa spennande og allsidig.
Ved å observere elevane i leik kan lærarane gjere seg kjende med
kva dei er opptekne av, og få innsikt i kva dei forstår. Observasjon
av leik kan dermed vere grunnlag for vidare arbeid.
Praktisk arbeid
I opplæringa skal elevane møte praktiske og konkrete oppgåver som
kan utløyse spørsmål som krev grunngitte svar. Det gjeld arbeid i
enkeltfag, på tvers av fag og i tema og prosjekt. På den måten kan
SIDE 76 PRINSIPP OG RETNINGSLINJER
at elevane har ulike evner og føresetnader.Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 76». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/78/