SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 75 skann 77

Elevane må i arbeidet sitt få utnytte og utvide interessene sine til fagleg fordjuping og få innverknad på valet av lærestoff. Prinsippa for vitskaplege arbeidsmåtar tilpassa alderen og føresetnadene til elevane gir dei ein reiskap for å vinne ny kunnskap og innsikt og for analyse og kritisk vurdering. Opplæringa på ungdomssteget skal medverke til læring gjennom praktiske og handlingsretta oppgåver. Elevane må få høve til å handle ut frå kunnskap, hauste røynsler med å bruke kunnskapen og sjå korleis han kan brukast på nye måtar. Dei må og få høve til å tileigne seg ny kunnskap og røynsle gjennom handling og val. Elevane skal stimulast til sjølvstende, konsentrasjon og samarbeid. Arbeidsoppgåver og arbeidsmåtar må ta omsyn til det. Elevane skal ha medansvar for planlegging, gjennomføring og vurdering av felles oppgåver og si eiga læring. Øving i å stå fram for andre og presentere eit stoff må høyre til læringa. Opplæringa skal stimulere til deltaking i kultur- og fritidsaktivitetar og leggje til rettes for at elevane kan bruke desse røynslene i opplæringa. Det er viktig at elevane får god kjennskap til dei ulike tilboda i vidaregåande opplæring før dei skal velje utdanning etter grunnskulen. Rose-Marie Huuva: Ferten Guodit/Må dra, 1980. Olje på lerret ARBEIDSMÅTAR, LÆREMIDDEL OG VURDERING Arbeidsmåtar Læreplanane for faga legg vekt på at elevane skal vere aktive, handlande og sjølvstendige. Dei skal få lære ved å gjere, utforske og prøve ut i aktivt arbeid fram mot ny kunnskap og erkjenning. Arbeidsmåtane skal gjere sitt til at elevane utviklar nye perspektiv, at dei får impulsar og møter utfordringar som saman med aktivt arbeid og eigen innsats kan medverke til auka kompetanse og sjølvrespekt. Til- SIDE 75 PRINSIPP OG RETNINGSLINJER
Skann 77 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 75». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/77/