SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 74 skann 76

Mellomsteget På mellomsteget trer faga tydelegare fram. Opplæringa skal gjere at elevane konsoliderer og vidareutviklar den kunnskapen, dugleiken og dei holdningane dei har tileigna seg dei første åra. Det er viktig å fremje interesse og forståing for eigenarten til faga og fagområda. Samtidig skal ein leggje vekt på det som er felles og allment. Dei praktiske og teoretiske elementa må tydeleggjerast. Oppgåver og problemstillingar skal utdjupe ulike sider ved faga og samtidig gå på tvers av fag. Arbeid på tvers av fag, temaorganisering og prosjektarbeid skal vere eit samordnande bindeledd mellom faga. Opplæringa må leggje til rettes for arbeidsoppgåver og arbeidsmåtar som fremjar og vidareutviklar evna til konsentrasjon og målretta innsats over tid, både åleme og saman med andre. Elevane skal lære å arbeide sjølvstendig gjennom å utvikle gode arbeidsvanar og studieteknikkar. Dei må få arbeide i samanhengande økter, men og få fristunder og tid til sjølvstyrt verksemd. Opplæringa må vere med og utvikle sosiale evner og utvide og utdjupe sosiale relasjonar. Skulearbeidet bør organiserast slik at elevane kan utføre oppgåver saman - også på tvers av klassar og klassesteg. Ho skal medverke til at elevane gradvis tek større ansvar for å planleggje si eiga læring. Elevane skal gjere bruk av røynsler og opplevingar frå deltaking i kultur- og fritidsaktivitetar. Det må leggjast til rettes slik at elevane får utvikle fantasi, evne til kritisk tenking og røynsle med problemløysing på ulike område. Dei må og få bruke dugleiken sin - praktisk og teoretisk - i alle fag. Det skal nyttast eit vidt spekter av arbeidsmåtar som gir elevar med ulike føresetnader og behov høve til å lære og forstå oppgåvene dei møter i opplæringa. Lærarane må samarbeide om progresjon og arbeidsmåtar som gir ein god overgang frå mellomsteget til ungdomssteget. Ungdomssteget Opplæringa på ungdomssteget skal byggje på og vidareutvikle det elevane kjenner frå tidlegare steg, og ta sikte på god samanheng og overgang mellom ungdomssteget og vidaregåande opplæring. Ungdomssteget legg vekt på fagleg fordjuping og stiller større faglege krav. Opplæringa skal gi god progresjon i utviklinga av kunnskap og dugleik og vere relevant og aktuell for den livsfasen elevane er i. Ho skal samtidig leggje vekt på arbeid på tvers av fag og vere med og gi dei ei brei røynsle med prosjektarbeid. Oppgåver skal knytast til interesser, utfordringar og det som er aktuelt for elevar på dette alderssteget. Det skal vere eit stort innslag av praktiske aktivitetar i opplæringa. SIDE 74 PRINSIPP OG RETNINGSLINJER
Skann 76 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 74». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/76/