SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 73 skann 75

Småskulesteget Opplæringa på småskulesteget skal vere prega av tradisjonane både frå barnehagen og skulen, og gi ein god overgang frå barnehage til skule. Opplæringa må gi plass for undring og at elevane får vere nysgjerrige og utforske gjennom leik. Det første året skal ha eit klart førskulepreg, og ein må leggje vekt på læring gjennom leik og aldersblanda aktivitetar på heile småskulesteget. Læreplanane føreset eit vekslande samspel mellom leik og andre utviklande aktivitetar. Opplæring skal gå frå det kjende til det ukjende. Med utgangspunkt i røynslene, interessene og røyndomsforståinga til elevane skal store delar av opplæringa organiserast i tema, der hovudmoment i læreplanane for faga er innarbeidde. Arbeid med tema opnar for læring ut frå dei føresetnadene elevane har og legg eit viktig grunnlag for fagleg og sosial meistring. Får elevane rike opplevingar og røynsler som skaper behov for å uttrykkje seg i ord, rørsler, tonar og bilete, får dei og eit godt grunnlag for blant anna lese-, skrive- og rekneopplæring. Leik kan vere utgangspunkt for, tilnærmingsmåte til eller del av temaorganisert opplæring. Opplæringa skal gi næring til leiken og leiken gi næring til opplæringa. Gjennom leik skal elevane utforske omgivnadene, arbeide med inntrykka sine og prøve ut ulike roller og praktiske løysingar. Elevar i ulike aldrar må få høve til å arbeide sjølvstendig og til å arbeide saman, slik at dei kan lære av kvarandre og oppleve gjensidig omsorg og respekt. På småskulesteget er det naturleg å gå gradvis over frå temaor ganisering av innhald til ei meir faginndelt organisering. Dei fagle ge elementa i eit tema skal førast vidare i faga. Kjell Erik Killi Olsen Første steg, 1980. Olje på plate SIDE 73 PRINSIPP OG RETNINGSLINJER
Skann 75 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 73». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/75/