SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 72 skann 74

• røynslene, interessene og røyndomsforståinga til elevane • tilknytinga til nærmiljøet • aktualiteten Eit tema kan i innhald ha tyngdepunktet sitt i eitt fag, og innhald frå andre fag kan knytast til. I temaorganiseringa er det viktig at tyngdepunktet i ulike tema er variert og fordelt mellom ulike fag. Val og utforming av tema må tilpassast eigenarten til hovudstega og dei føresetnadene elevane har på ulike alderssteg. På småskulesteget bør ein sjå temaorganisering og leik i samanheng slik at dei gjensidig styrkjer og utfyller kvarandre. På høgare klassesteg bør temaorganisering av innhald leggjast til rettes slik at elevane ser samanhengar mellom fag og ulike område innanfor fag. Arbeid innanfor ulike tema kan og vere utgangspunkt for prosjektarbeid. Kunnskapsområde på tvers av fag I læreplanane for faga er sentrale kunnskapsområde ein del av innhaldet i fleire fag. Dei bør behandlast på tvers av faga slik at ein får fram heilskapen og breidda i problemområda. Blant kunnskapsområde kan til dømes desse kategoriane og områda nemnast: • Samfunn og samtid Natur og miljø, internasjonal forståing, menneskerettar og fredsarbeid, teknologi, informasjons- og kommunikasjonsteknologi, mediekunnskap, arbeidslivskunnskap og yrkesorientering, forbrukarkunnskap, trafikk. • Individ og samspel Familiekunnskap, samlivslære, homofili, helseforebygg] ande arbeid, rusmiddelførebyggjande arbeid, kriminalitetsførebyggjande arbeid, mobbing og voldsbruk. EIGENARTEN TIL HOVUDSTEGA Læreplanane for faga er ordna i tre hovudsteg med mål som ein skal arbeide mot på kvart av stega. Måla for hovudstega gjer det mogeleg å sjå småskulesteget, mellomsteget og ungdomssteget som einingar. Det er lagt vekt på at opplæringa samla skal gi kvart steg einskap og eigenart tilpassa aldersgruppa. Timane til faga er fordelte som rstimar slik at tidsbruken på ein fleksibel måte kan tilpassast aktivitetsformene på hovudsteget (jf. avsnittet om fag- og timefordeling). SIDE 72 PRINSIPP OG RETNINGSLINJER
Skann 74 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 72». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/74/