SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 71 skann 73

tidsbruk ut frå fag- og timefordeling • samordning av nærståande innhald frå fleire fag med sikte på arbeid på tvers av fag • plan for temaorganisering av innhald og prosjektarbeid • plan for «Skolens og elevenes valg» Det lokale arbeidet med læreplanane for faga skal gi god samanheng mellom det sentralt fastsette og det lokalt utforma innhaldet i opplæringa, og følgje opp måla frå den generelle delen og prinsippa og retningslinjene for opplæringa. Lokale tilval og konkretiseringar skal utfylle og utdjupe innhaldet, og levandegjere og tilpasse det til dei røynslene og føresetnadene elevane har. Val av arbeidsmåtar og aktivitetar skal tilpassast det som er råd å få til i lokalmiljøet. I arbeidet med vekting og koordinering av innhald er det viktig å sjå hovudmoment i samanheng og ikkje kvar for seg. Slik kan det skapast god heilskap og samanheng i opplæringa. Det lokale arbeidet med læreplanverket krev samarbeid og gir lærarane rom for å bruke fagleg skjønn for å sikre lokal og individuell tilpassing. Lokalt arbeid med læreplanane for faga må ein sjå i samanheng med lokalt utviklingsarbeid. Forsida på bladet URD 7. april 1934 Temaorganisering av innhald I temaorganisering av innhald samordnar ein hovudmoment frå fleire fag i meiningsberande einingar (tema). Temaorganisering skal ta vare på mål i læreplanane for fag. Samordninga omfattar og det lokale lærestoffet. Temaorganiseringa skal ta omsyn til SIDE 71 PRINSIPP OG RETNINGSLINT
Skann 73 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 71». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/73/