SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 70 skann 72

Oppbygginga av læreplanane for fag Kvar læreplan er oppbygd på denne måten: Innleiing Felles mål for faget Mål for hovudstega Hovudmoment for klassestega Innleiinga skisserer under overskrifta «Faget sin plass i skulen» ei grunngiving for faget som ein del av opplæringa i skulen, og verdien av å tileigne seg kunnskap og dugleik i faget. Under overskrifta «Arbeidsmåtar i faget» er det gitt ein omtale av kva for arbeidsmåtar som bør stå sentralt i faget generelt - og på kvart hovudsteg. I dei fleste planane er det og gjort greie for strukturen i faget. Kvar læreplan har to målnivå: Felles mål for faget Mål for hovudstega Felles mål for faget seier kva opplæringa i faget skal sikte mot. Kvart fag er inndelt i fleire målområde som er viste med ei overskrift. For kvart målområde er det utforma eit mål for hovudsteget. Mål for hovudstega seier kva opplæringa på steget skal sikte mot når det gjeld kompetansen til elevane innanfor kvart målområde i faget. Hovudmomenta viser innhaldet i faget for kvart klassesteg. Dei fortel kva opplæringa skal romme innanfor kvart målområde. Arbeidet med det innhaldet som er sett opp i hovudmomenta, må ta sikte på at elevane gradvis opparbeider seg den kompetansen som står i måla for hovudsteget i kvart målområde. LOKALT ARBEID MED LÆREPLANAR FOR FAG Det lokale arbeidet med læreplanane for faga bør i hovudsak gå føre seg på den enkelte skulen, eller i samarbeid mellom skular. Det skal danne grunnlaget for korleis lærarane planlegg undervisninga på klasse- og elevnivå. I dette arbeidet skal ein leggje vekt på • nærmare utforming av planar i ulike fag. Det omfattar særleg • konkretisering, vekting og koordinering av innhald frå hovudmoment . tilval som utfyller hovudmomenta • val av arbeidsmåtar og organiseringsformer SIDE 70 PRINSIPP OG RETNINGSLINJER
Skann 72 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 70». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/72/