I fådelte skular skal ein arbeide med det sentralt fastsette lærestoffet
i den rekkjefølgja og på det årssteget som ein synest er best
pedagogisk og mest praktisk innanfor kvart hovudsteg. På ungdomssteget
skal ein så langt råd er arbeide med lærestoffet på det klassesteget
det er lagt til.
Progresjon
Læreplanane for faga er utforma med sikte på god samanheng og
utvikling gjennom skulegangen. Opplæringa skal planleggjast, organiserast
og gjennomførast slik at det elevane møter på eitt steg,
skal vere førebudd på dei tidlegare stega og gi meining i forhold til
det som kjem etter. Det elevane møter i eitt fag, kan førebu, forsterke
og utfylle det dei møter i andre fag.
Opplæringa skal skape gode vilkår for utvikling og læring tilpassa
føresetnader og modning og leggjast til rettes slik at ho blir
relevant og aktuell for den alderen elevane er i. Sidan føresetnadene
i aldersgruppene er nokså ulike, gir læreplanane for faga rom for individuell
tilpassing.
Faginndeling - arbeid på tvers av fag
Lærestoffet er ordna i fag, og læreplanane er organiserte slik at faga
gjensidig kan styrkje kvarandre. Ein må sjå mål og hovudmoment
i forhold til kvarandre med sikte på heilskap og samanheng både
innanfor og mellom faga. På småskulesteget skal store delar av opplæringa
organiserast i tema. Gjennom heile skuleløpet skal ein utnytte
samanhengar og strukturar mellom fag og fagområde. Det er
med på å utvikle heilskapsforståing hos elevane og gjer at dei kan
gjere seg nytte av kunnskap og dugleik på tvers av faga.
SIDE 69 PRINSIPP OG RETNINGSLINJER
Petter Zennstrom: Ring,
1991. Olje på treSkann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 69». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/71/