SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 68 skann 70

Opplæringa skal medverke til at elevane utviklar seg som kunnskapsrike og medvitne forbrukarar og til at dei lærer å være kritiske og gjere gjennomtenkte val, både som forbrukarer, mediebrukarar og brukarar av fritida. Oppbygging Læreplanane for faga gir eit felles innhald og er utforma ut frå prinsippa om • sentralt fastsett lærestoff, lokalt lærestoff og tilpassing • progresjon • aukande faginndeling, heilskap og samanheng Desse prinsippa skal førast vidare og følgjast opp i det lokale arbeidet med læreplanane og i den praktiske gjennomføringa av opplæringa. Prinsipp for oppbygginga Sentralt fastsett lærestoff, lokalt lærestoff og tilpassing Oppbygginga av læreplanane for faga er basert på prinsippet om fellesskap og tilpassing. Lærestoffet, slik det er utforma i mål og hovudmoment, er eit sentralt fastsett fellesstoff, som alle elevane i utgangspunktet skal arbeide med. Fellesstoffet aukar i omfang gjennom skulegangen og er størst på ungdomssteget. Det gjer at lokalt lærestoff med konkretiseringar og tilval har størst rom på småskulesteget. Mål Hovudmoment 10 Hovudmoment 9 Hovudmoment 8 Mål Hovudmoment 7 Hovudmoment 6 Hovudmoment 5 Mål Hovudmoment 4 Hovudmoment 3 Hovudmoment 2 Hovudmoment 1 .kl/ fsk Tilpassa opplæring er eit overordna prinsipp. Alle elevane skal få møte oppgåver og utfordringar dei kan strekkje seg etter og vekse på og som dei maktar og meistrar. For å møte individuelle behov må både det felles og det lokale lærestoffet tilpassast føresetnadene til elevane. Det gir høve til ulik behandling og fordjuping og for variasjon i art, vanskegrad, mengd, tempo og progresjon. SIDE 68 PRINSIPP OG RETNINGSLINJER
Skann 70 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 68». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/70/